Hopp til innhold

Ber om å få jakte jerv i 10 ekstra dagar

Nye observasjonar av jervespor gjer at rovviltnemnda i Sogn og Fjordane ber Miljødirektoratet om å forlenge lisensjakta i Luster.

jerv

ROVDYR: Jerv har dei siste åra tatt mykje sau på beite i kommunane Luster, Årdal og Lærdal. Under vinterens lisensjakt var det gitt løyve til å felle åtte dyr, men berre eitt er tatt.

Foto: Jørn Nordli / NRK

– Det er observert spor etter jerv ved eit åte som beitelaget i Fortun har. Sporet er ferskt, opplyser rovviltnemnd-leiar Aleksander Øren Heen.

Fryktar for beitesesongen

Onsdag skreiv Øren brev til Miljødirektoratet og bad om at lisensjakta, som dei siste månadene har pågått i Indre Sogn, blir forlenga i Luster kommune.

Aleksander Øren Heen

KREV MEIR TID: Leiar for rovviltnemnda i region 1(Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder), Aleksander Øren Heen (Sp) meiner det er betre å forlenge den ordinære lisensjakta, enn at ein risikerer å måtte kalle ut Statens naturoppsyn på helikopterjakt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi er uroa for at det berre er att fire dagar av den ordinære lisensjakta. Etter dette er det direktoratet som har forvaltningsmynde. Når vi ser at av berre eitt av dei åtte løyva rovviltnemnda gav på jerv denne sesongen er tekne ut, så er vi uroa for at det kan vere mykje jerv. Dette kan få negative konsekvensar for den kommande beitesesongen, seier Heen.

Den einaste jerven som er felt i løpet av vinteren vart skoten med børse då dyret gjekk like ved busetnaden i Mørkridsdalen i Luster i januar.

Vil jakte til 25. februar

Lisensjakta som fylkesrovviltnemnda sjølv har mynde til å gi løyve til, varer til og med måndag 15. februar. I brevet til Miljødirektoratet gir Heen uttrykk for at han fryktar fire dagar med åtejakt ikkje er nok til å få has på jerven ein trur vandrar i Fortunsdalen inst i Luster. Rovviltnemnda ber derfor om 10 ekstra jaktdagar.

– Vi ønskjer at ein anten kan få forlenga jakta med nokre dagar, slik at ein kan ta ut jerven på ordinær måte. Eller at ein kan få innvilga eit såkalla skadeførebyggande fellingsløyve.

– Helikopterjakt i statens regi vil koste mykje meir

Det er særleg beiteområda i kommunane Luster, Årdal og Lærdal som har vore plaga med jerv siste åra. Etter uvanleg store sauetap i 2014, vart det i fjor meldt om færre skadar etter jerven.

Det var færre skadar etter jerv under fjorårets beitesesong. Er det grunn til å tru at det er mykje jerv, sjølv om ein har funne eitt spor?

– Det vart tatt ut ein jerv i Luster på åtejakta. Det er grunn til å tru at det er jerv i området, det har det vore kvart år. Så lenge det er jerv i beiteområdet, må vi i rovviltnemnda reagere. Vårt oppdrag er å sørge for at det ikkje er mykje jerv i Sogn og Fjordane. Det skal ikkje vere ynglande jerv her.

– Kor sannsynleg trur du det er at direktoratet vil forlenge lisensjakta?

– Eg håpar dei vil gjere det. Alternativet er å setje i gang såkalla ekstraordinært uttak som staten må gjennomføre med helikopter. Det vil koste mykje meir enn vanleg jakt, poengterer Heen.

Svaret frå Miljødirektoratet i Trondheim er enno ikkje klart.