Hopp til innhold

Ber fylkesrådmannen greie ut 50 konkrete innsparingstiltak

Fylkesrådmannen må greie ute 50 konkrete innsparingstiltak. Det er klart etter finansutvalsmøtet onsdag der innsparingskravet på 220 millionar kroner fram mot 2019 stod på sakskartet.

Finansutval

SKAL GREIE UT KUTT: Onsdag diskuterte finansutvalet korleis dei skal møte innsparingskravet på 220 millionar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under debatten onsdag var mange av fylkespolitikarane opptekne av om ein kunne skjerme nokre sektorar mot kutt. Men det var ikkje råd, alle steinar skal snuast, for i løpet av dei neste fire åra må fylket spare 220 millionar kroner .

– Vi har jo jobba i haust for å få auka tapskompensasjonen. Vi håpar at vi skal få til ei nærare halvering av beløpet vi må spare, men også eit kutt på 120 millionar vil bli svært tungt å gjennomføre, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

HER KAN DU LESE HEILE LISTA PÅ 50 PUNKT.

Råkar ungdommen

Under debatten onsdag sa Karianne Torvanger frå Arbeidarpartiet at ho fekk vondt i magen av sjå på lista over kutt innan opplæring.

For mange av kutta som fylkesrådmannen har fått i oppgåve å greie ut går rett på saker som ungdommen er opptekne av:

  1. Kollektivtilbodet for ungdom, der ein blant anna har «Trygt heim for ein 50-lapp».
  2. Sommarskulen som ein driv for dei som har fått dårlege karakterar i løpet av året, og som til no har kunna bruke sommaren til å rette det opp.
  3. Miljøkoordinatorstillingane blir vurderte.
  4. Kutt i tannklinikkar skal vurderast.
Finansutvalet

SKAL FINNE INNSPARINGAR: Fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kutt i skuler ligg derimot ikkje inne denne gongen seier Eriksen.

– Det ligg ingen forslag inne no. I desse 50 punkta vi no ser på, tar vi utgangspunkt i dagens skulestruktur, og kvar vi kan spare med den. Men når vi kjem litt lenger fram i tid så trur eg vi også må sjå på skulestrukturen, men det er noko vi må vi kome attende til.

Ser på kutt innan samferdsle

Samferdsle er ein annan sektor der store kutt no blir vurdert . Der skal ein vurdere kutt i all rutedrift med båtar med 15 millionar kroner, kutt innan ferjedrifta på 10 millionar og vinterstenging av vegar.

–Ein skal sjå på både bilruter og båtruter, ein skal sjå på ungdomstilbod, ferjeruter, takstnivå og terminalar. seier Eriksen.

Fram til april skal fylkesrådmannen og hans stab gå gjennom lista på 50 punkt, og sjå på kva konsekvensane blir av dei ulike kutta. 13. mai blir konsekvensane lagt fram for fylkespolitikarane, men utan noko tilråding frå fylkesrådmannen, dei må politikarane kome med sjølve.

16. juni skal så fylkestinget fatte endeleg vedtak for kva som skal kuttast og ikkje.