Hopp til innhold

Astrup lokka kunstelskande britar

Jølsterkunstnaren Nikolai Astrup fekk kunst-fiffen i London til å gå mann av huse.

Ian Dejardin, H.M. Dronning Sonja og kurator Maryanne Stevens

OPNING: Dronning Sonja var til stades under opninga av utstillinga i London i februar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vårt hårete mål om å nå 40.000 klarte vi akkurat. Budsjettet for museet er på 30.000 så dei er også fantastisk godt fornøgde, seier Anders Bjørnsen.

Han har ansvar for kunstinnkjøpa i Sparebankstiftinga DNB og som har jobba med den internasjonale lanseringa i seks-sju år.

Anders Bjørnsen

ANSVARLEG: Anders Bjørnsen er ansvarleg for utstillinga i London.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Reiser vidare til Norge og Tyskland

I februar vart Nikolai Astrup lansert internasjonalt ved kunstgalleriet Dulwich i London med blant andre Dronning Sonja og kulturminister Linda Hofstad til stades. Kunstnaren si fargeprakt og særeigne penselstrøk vekte stor merksemd frå britisk presse, og The Guardian sin meldar gav utstillinga fire av fem stjerner.

Når utstillinga no blir pakka saman for å bli presentert ved Hennie Onstad-kunstsenter og vidare til Emden i Tyskland, kan museet konstatere at utstillinga har vore ein suksess.

– Den siste veka har ein hatt fokus på Skandinavia og på Norge på heile museet. Då var 3600 innom. Det er veldig mykje på eit så lite museum og folk heile tida. Så vi avslutta på topp så det er vi strålande fornøgde med.

Stort for museet

– Eg trur utstillinga har treft ein nerve hos publikum i London. Eg trur utstillinga er midt i blinken for eit britisk publikum. Det har noko med nærleiken til naturen, miljø og til det som var, så Astrup er absolutt i vinden.

Bjørnstad seier mottakinga ved museet har vore svært god, og morosam å jobbe med. I tillegg til gode tilbakemeldingar, har også alle Astrup-effektane vore populære og blitt selde på rekordtid.

– På tre veker hadde museet selt alt som var budsjettert å selje på tre månadar. Alt måtte lagast på nytt.

Direktøren ved Dulwich-museet har sagt at han trur dette er ei av to utstillingar han vil bli hugsa for.

Håpar på god mottaking

No håpar Bjørnsen at utstillinga blir teken like godt i mot i Norge og i Tyskland. 9. juni opnar kulturminister Linda Hofstad Helleland utstillinga i Oslo.

– Vi håpar å få til det same ved Hennie Onstad kunstsenter og i Emden. Pressedekninga i London har vore veldig bra. Så vi skal ha pressetur til Astruptunet både måndag og tysdag med tyske og norske turistar med oss.

Han torer ikkje våge på at Astrup blir like stor i Tyskland som i London.

– Det hadde vore fantastisk viss Hennie Onstad fekk 50.000 besøkande. Nordmenn likar suksess i utlandet. Så vi håpar nordmenn vil sjå det same som utlendingar skryt så mykje av i utlandet.