Hopp til innhold

Politimeisteren får kritikk

– Politimeisteren i Sogn og Fjordane ser ikkje ut til å ta inn over seg at å fungere som politi er ei stor og nye belastning på brannmannskap, og som berre kjem til å bli større når fleire lensmannskontor blir lagt ned, seier Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp.)

Ronny Iden

TAR ANSVAR: Politimeister Ronny Iden avviser kritikken, og seier dei tek ansvar og tek det på alvor.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I Aurland meiner brannvesenet at dei altfor ofte må fungere som politi, når politiet er seint ute eller ikkje dukkar opp i det heile.

– At brannmannskap må gjere politioppgåver er noko eg fryktar vi berre vil sjå meir av i framtida, seier Navarsete.

Politireform

Det som gjer Navarsete uroleg er den varsla reduksjonen av lensmannskontor i samband med politireforma.

– Då blir det lokale politiet lenger borte, og kvar ein patruljebil måtte vere er ikkje då godt å seie. Då skjønar eg også svært godt den frustrasjonen som no kjem frå brannmannskapa.

Då Navarsete var kommunalminister fann ho midlar til eit prosjekt for trening av brannmannskap, då det synte seg at dei stadig oftare var dei som kom først til ein skadestad. Ho meiner utviklinga ein no ser med at brannmannskap må ta på seg fleire politioppgåver er lite ønskeleg.

– Eg synest politiet tek for lett på dette. Det er politiet si oppgåve, og som eg meiner dei må ta mykje meir alvorleg enn det politimeisteren i Sogn og Fjordane har gjort i media.

Navarsete og Fuglum i vandrehallen på Stortinget

FORSTÅR FRUSTRASJONEN TIL BRANNMANNSKAPA: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp).

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Meiner dei tar ansvar

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden meiner på si side at dei tar dette på alvor.

– Vi har fleire politifolk no enn vi har hatt tidlegare, og vi får fleire til neste år. Så vi tar i høgste grad dette på alvor seier Iden.

– Men no høyrer vi om brannmenn i Aurland som seier dei er leie av å gjere politioppgåver, og tillitsvalde i politiet som meiner dette går ut over tryggleiken?

– Dette med at brannmenn gjer politioppgåver må differensierast litt. Brannmannskap har og eit ansvar som brann- og redningsetat. Dei skal også rykke ut til bergingsoppdrag. Og så er det slik av og til at dei må gjere meir enn det som er primæransvaret, seier Iden.

Vil ta det opp med justiskomiteen

På Stortinget meiner Navarsete at ein ikkje kan sitte stilltiande å godta det som no er i ferd med å skje.

– Eg har allereie tatt det opp med vårt medlem i Justiskomiteen på Stortinget. Ho kjem frå Møre og Romsdal der dei også har mykje spreidd folkesetnad. Vi må nå sjå på konsekvensane som politireforma og no brannreforma har i fylke der folk bur spreidd, men har rett til same tryggleik som i meir tettbygde strok, seier Navarsete.