Hopp til innhold

Fylkesmann får ros for modig vedtak

– Eit modig vedtak, meiner Naturvernforbundet om fylkesmann Anne Karin Hamre som overprøver eiga regjering om den omstridde 420 kV-lina gjennom Bremanger.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

MODIG: Anne Karin Hamre blir av Naturvernforbundet skildra som ein modig fylkesmann etter at ho overprøver energiministeren om 420 kV-lina gjennom Sørdalen og Myklebustdalen i Bremanger.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hamre nektar energiminister Ola Borten Moe (Sp) å leggje den nye kraftlina mellom Ørskog og Fardal rett gjennom Sørdalen naturreservat.

Borten Moe vedtok denne traseen, framfor å leggje lina gjennom Førdedalen.

– I den samanheng vedtaket kjem, så er det eit modig vedtak. Det kan tenkjast at ein feigare fylkesmann ville latt saka passere og ikkje gjort jobben sin så skikkeleg, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Negative følgjer

Ola Borten Moe

KRITIKK: Ola Borten Moe (Sp) får kritikk etter kraftlinevedtaket.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Saka har engasjert og skuldingane har hagla etter at energiministeren gjekk vekk frå NVE og Statnett si tilråding om å leggje kraftlina i Førdedalen, der mellom anna Sp-ordførar Karl Vidar Førde bur.

I Myklebustdalen har grunneigarane allereie brukt over ein halv million kroner i kampen mot kraftmastene. Vedtaket til fylkesmannen talar i deira favør.

– Mastepunkta som ein skal inn med, både med sprenging og masseuttak, vil få store negative følgjer for både plantar og dyreliv, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

– Skikkeleg jobb

Erik Solheim

NØGD: Erik Solheim i Naturvernforbundet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Solheim meiner det hadde vore lett for ein feig fylkesmann å bøye av for presset.

– Dette tykkjer eg er eit døme på at fylkesmannen har gjort jobben sin skikkeleg, seier den tidlegare leiaren i forbundet.

– Kva tenkjer du om at oljeministeren i det heile la ei kraftline gjennom eit naturreservat?

– Olje- og energidepartementet har ikkje ei historie med store omsyn til natur bak seg. Det kan godt vere at dei har tenkt at dette er ei stor sak, vi gjer eit vedtak og så går vi ut ifrå at miljøinteressene bøyer seg.

– Registrerer avslaget

Departementet var knappe med kommentarar tysdag.

– Olje- og energidepartementet registrerer Fylkesmannens avslag på Statnetts dispensasjonssøknad. Det er no opp til Statnett å få dei naudsynte løyvene. For øvrig har ikkje departementet noko ytterlegare kommentar, skriv kommunikasjonssjef Ole Berthelsen i ein epost til NRK.

Saka kan ankast

Statnet ynskjer ikkje å kommentere saka. No må dei avgjere om dei vil anke til Direktoratet for naturforvaltning, eller flytte lina.

– Eg trur vel at Statnett vil anke vedtaket, så går eg ut ifrå at Direktoratet for naturforvaltning ikkje gjer det om. Dette er eit tilfelle som eg håpar og trur blir ståande med ein presedens for seinare saker, seier Solheim.