Hopp til innhold

– Ikkje skuldig i å ha øydelagt kulturminne

Bjarne Hole frå Byrkjelo møtte i dag i Fjordane tingrett for å svare for ein tiltale om å ha brote kulturminnelova. – Ikkje skuldig, var det kontante svaret hans.

Synfaring rettssak om øydelagt kulturminne

HER SKJEDDE DET: Gravinga Bjarne Hole er tiltalt for skjedde inntil grunnmuren på bygningen. Her er retten på synfaring.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som melde Hole til politiet etter at dei oppdaga at han i mai og juni 2015 hadde greve like ved Hole Traktor og Maskin, som han eig.

Grunnen til at han vart politimeld var at det der var funne spor etter meir enn 2000 år gamal busetnad, og området tett inntil bygningen vart rekna som automatisk freda kulturminne.

Året før hadde Hole fått eit førelegg for å ha greve på ein annan kant av bygningen, eit førelegg han har betalt. I retten sa han at han no angrar på at han godtok dette førelegget.

Grov der i 1979/80

Det heile starta i 2012 då Hole søkt om løyve til å utvide bygningen til Hole Traktor og Maskin. Då måtte det gjerast arkeologisk registrering, og dei fann då spor etter gamal busetnad.

I retten sa Bjarne Hole at dersom han har øydelagt noko kulturminne, så gjorde han det i 1979 eller 1980. Det var då bygningen vart reist. Då vart det greve med ei stor gravemaskin i det området som han no er tiltalt for å ha greve i.

Edmund Bolstad

FORSVARAR: Edmund Bolstad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje fysisk til stades

Retten var på synfaring til Byrkjelo tysdag. Der var sakshandsamaren til fylkeskommunen, Berit Gjerland, vitne. Ho meiner saka er klar, at Hole har gjort inngrep i eit område med freda kulturminne og i sikringssona rundt, noko som er ulovleg.

Forsvararen til Bjarne Hole, Edmund Bolstad, gjorde eit poeng av at korkje Gjerland eller andre frå fylkeskommunen hadde vore fysisk til stades på staden i samband med at dei melde Hole til politiet i 2015.

Gjerland svara då at ho hadde vore på staden fleire gonger tidlegare, og at dei ved hjelp av foto frå Gloppen kommune kunne slå fast at det var gjort ulovlege inngrep.

Cathrine Elisabeth Schjelderup

AKTOR: Cathrine Elisabeth Schjelderup.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Har mine verdiar å ta vare på

Bjarne Hole sa at han berre hadde greve tett inntil husveggen, og at det er naturen som har sytt for mykje av det som har skjedd ved utrasing av masse.

Han sa at gravinga i mai og juni 2015 var noko han måtte gjere for å unngå at det seig inn vatn i verkstaden. Eg har mine verdiar å ta vare på, sa han. Eg grev ikkje for å provosere nokon eller for å få ei ny bot.

Han sa også i retten at om representantar frå fylkeskommunen ikkje hadde vore så arrogante, så hadde det ikkje vore noka rettssak.

På spørsmål frå forsvararen om korleis han såg på å sone t.d. 60 dagar i fengsel for brot på kulturminnelova, sa Bjarne Hole at ein slik dom ikkje er aktuell. Med andre ord er han sikker på at han ikkje blir dømd etter tiltalen.

Det er Cathrine Elistabeth Schjelderup som er aktor i saka.