Eigaren av Hole Traktor og Maskin på Byrkjelo, Bjarne Henry Hole (66), er tiltalt for brot på kulturminnelova, for å ha gjort inngrep i ei sikringssone til eit automatisk freda kulturminne.
I løpet av to månadar våren 2015 skal han ifølge tiltalen ha grave ei fleire meter brei sjakt inn i ein freda busetnad frå eldre romartid.
Resultatet er at nær 2000 år gamle fornminne er blitt delvis øydelagt.
Strafferamma er eit år i fengsel, men ei slik type sak har ikkje vore prøvd for retten før, og det er uvisst kva straffenivå retten kan lande på, dersom Hole blir dømt.
– Hole fekk ettertrykkeleg beskjed om at han ikkje hadde byggeløyve. Vi var i kontakt med han fleire gonger, seier teknisk sjef Kjell Petter Solhaug i Gloppen kommune.
– Dette handlar om respekt for område som er automatisk freda, seier aktor Inger Beth Fosse.
Korkje Bjarne Hole eller forsvararen Edmund Bolstad ynskjer å kommentere saka.
Ville utvide
Hole søkte i 2012 om å få omdisponere 10 dekar til næringsføremål. Mellom anna ville han utvide og ruste opp verkstadbygget.
Hole fekk beskjed om at området kunne innehalde automatisk freda kulturminne og han aksepterte og betalte for at arkeologar kunne gjere registreringar.
Under registreringane vart det funne ein nesten 2000 år gamal busetnad, samt ein busetnad frå eldre mellomalder.
Sidan tiltaket Hole planla var kommersielt og over ein viss storleik, måtte han ta rekninga sjølv. Prislappen kom på nær éin million kroner for begge lokalitetane.
Dette ville ikkje Hole betale. Riksantikvaren skal då ha freista å komme han i møte, og bad om å få tilsendt budsjett for å vurdere om Staten skulle ta delar av rekninga.
Hole skal ikkje ha svart, men sette etter kvart i gong med å bygge. Tomta vart graven ut, fundamenta støypte og arbeidet med grunnmuren sett i gong, ifølge Firda. Då greip Gloppen kommune inn.
– Vi prøvde ved ulike høve å informere og rådføre. Dette såg vi at han ikkje følgde. Vi måtte gi Hole eit gebyr for ikkje å følge plan- og bygningslova, seier teknisk sjef Kjell Petter Solhaug i Gloppen kommune.
Bota var på 30 000 kroner. Hole meinte det ikkje var naudsynt av kommunen å reagere på denne måten og klaga på vedtaket. Han fekk gebyret halvert av Fylkesmannen.
Byrja igjen
Nokre månadar seinare byrja Hole å grave i det same området att.
Denne gongen vart det ifølge tiltalen graven ein fire til fem meter brei sjakt inn i kulturminnet.
Hole hadde framleis ikkje løyve til å byrje på tiltaket, ifølge kommunen.
Kulturminna dreiar seg om spor etter eit hus og tre eldstadar frå hundreåra etter Kristus. Berre ei utgraving ville ha slått fast kva andre fornminne som skjulte seg under jorda.
Å undersøkje denne delen av funnet vart i 2012 kostnadsrekna til 474 000 kroner. Året før hadde Bjarne Hole ifølge likninga nær 15 millionar kroner i formue.
Rettssaka går i Fjordane tingrett i slutten av april.
- LES OGSÅ: Trefelling delte krossen i to