Hopp til innhold

– Braut anbodslova i Fjord1-saka

Ein fersk granskingsrapport slår fast at fylkesrådmann Tore Eriksen braut anbodslova då han plukka ut rådgjevarar i Fjord 1-saka.

MF Selje og Tore Eriksen

FÅR KRITIKK: Deloitte meiner fylkesrådmann Tore Eriksen har handla i strid med lova om offentlege innkjøp i Fjord1-saka.

Foto: Rune Fossum / Arne Stubhaug / NRK

Advokatfirmaet Wiersholm og DHT Corporate Service har tent over 20 millionar kroner på å hjelpe Sogn og Fjordane fylkeskommune med å selje Fjord1, skriv Bergens Tidende.

Ein ny rapport frå Deloitte, konkluder med at fylkesrådmann Tore Eriksen handla i strid med lova om offentleg innkjøp då inngjekk kontrakt med dei to selskapa.

– Dette ønskjer eg ikkje å kommentere. Då kommenterer eg ein rapport som ikkje er offentleg enno, seier Tore Eriksen til Bergens Tidende.

I 2014 vart konsulentane i Fjord 1-saka leigde inn for å gjere ei verdifastsetting av selskapet, eit oppdrag dei hadde utført tre år tidlegare. Det enda opp som ein langt større jobb. Wiersholm og DHT vart brukte som rådgjevarar i salsprosessen, blant anna til arbeid opp mot Konkurransetilsynet og ein tvist med Per Sævik og Havilafjord.

Den 3. desember i 2015 signerte også Wiersholm ein kontrakt om å handsame spørsmåla som offentlegheita stiller til salsprosessen. Heller ikkje denne vart sendt ut på anbod.

Bergens Tidende har ikkje fått lese forvaltningsrevisjonsrapporten frå Deloitte, men er gjort kjent med konklusjonen.