Hopp til innhold

32 dommaravhøyr av born

Så langt i år er det gjennomført 32 dommaravhøyr av born her i fylket i samband med seksuelle overgrep eller familievaldssaker.

Dommeravhør i retten

DOMMARAVHØYR I RETTEN: Mange born må gjennom dommaravhøyr i samband med overgreps- og valdssaker.

Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

– Dette er saker vi prioriterer svært høgt. Det seier Stine Mari Vårdal som er familievaldskoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Så langt i år er det altså gjennomført 32 dommaravhøyr i saker frå Sogn og Fjordane. Det er ein nedgang frå i fjor då det var gjennomført 52 dommaravhøyr, men ein auke på fire saker samanlikna med 2012.

– Born er særleg sårbare og difor skal dei til Barnehuset i Bergen, der dei kan avhøyrast av spesialutdanna personar.

Vanskelege saker

For politiet er saker der born har vore utsette for vald eller overgrep av anten omsorgspersonar eller andre vaksne alltid vanskelege.

– Det er mykje kjensler i sving og det er innanfor familiar. Det er gjerne nære relasjonar; mor – far, dotter, son, søsken så det er tøffe saker å jobbe med, og sjølvsagt enda verre for dei involverte partane

Når politiet får ei sak på bordet som gjeld vald eller seksuelle overgrep mot born har dei 14 dagar frist på seg til å få gjennomført eit dommaravhøyr. Sjølve saka skal vere ferdig etterforska innan 90 dagar. For politiet er det ofte ei utfordring å få born til å opne seg og fortelje om det dei har vore utsette for.

Stine Mari Vårdal

VANSKELEGE SAKER: Stine Mari Vårdal er familievaldskoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Når vi kjem på ei akutt sak, snakkar dei gjerne, men så, når det går litt tid, så låser det seg. Dei blir usikre på om dei vil snakke om det. Når til dømes ein av foreldra er overgripar eller valdsutøvar blir borna ståande mellom barken og veden.

Vårdal seier det varierer litt korleis dei blir varsla om ei sak. Det kan vere naboar som har høyrt bråk, eller det kan vere offentlege instansar som barnevern og lege.

– Eller så er det offeret sjølv som ringer politiet på naudnummer, og då er det akutt der og då.

Støttespelarar viktig

– Støttespelarar rundt offera er jo svært viktige. Desse borna er jo særleg sårbare personar som sagt, og når dei står i ein relasjon til overgripar eller valdsutøvar så er det svært vanskeleg for dei å kome ut av det også, å kanskje melde frå.

Ofte i denne typen saker er borna også utsette for trugsmål, dei må halde stilt eller så ...

– Det at det er vaksne som utøver dette her, gir dei ei viss makt over borna. Ofte driv overgriparen eller valdsutøvaren også eit psykisk spel overfor borna, for å legge skulda på dei.

–Kva skal ein gjere, dersom ein har mistake om at eit born kan vere utsett for noko?

– Då bør ein melde frå. Ta kontakt med barnevernet, skule, ein offentleg instans som du kanskje kan rådføre deg litt med for å hjelpe dette barnet.