Hopp til innhold

Stadig fleire søkjer hjelp på Krisesenteret - spesielt talet barn har gått opp

Krisesenteret i Sogn og Fjordane har aldri før hatt så mange brukarar innom som i løpet av 2013. Spesielt talet på barn får hjelp har gått opp.

Wenche Hovland

FLEIRE BARN: Wenche Hovland ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane seier dei har stadig fleire barn som treng hjelp.

Foto: NRK

Dagleg leiar Wenche Hovland har 16 år bak seg i Krisesenteret, og seier 2013 var eit veldig travelt år.

– Vi hadde ein stor auke i talet på barn som var innom senteret vårt. I løpet av året var det 66 barn, 63 kvinner og to menn på senteret. Det er eit rekordår for oss, seier ho.

Til samanlikning var det i 2012 om lag det same talet på vaksne innom senteret, medan talet barn då var 48.

Ser tendensen over heile landet

Krisesenteret skal vere ein plass der barn og vaksne som blir utsette for fysisk eller psykisk vald eller mishandling kan søkje hjelp og støtte. Her får dei tilbod om alt frå tak over hovudet, nokon å snakke med og hjelp med søknader og liknande.

I løpet av året svingar aktiviteten på senteret, men sett under eitt vart altså fjoråret eit toppår med ein stor auke i talet brukarar.

Dette er ein tendens som gjer seg gjeldande for krisesentera også på landsplan.

– Vi har sett dette fleire stader, og veit ikkje heilt kva som er årsaka. Det kan vere betre informasjon om tilbodet, eller ein reell auke i talet personar som treng hjelp, seier valdsforskar ved politihøgskulen, Ragnhild Bjørnebekk.

– Ikkje så skambelagt å søkje hjelp

Ho trur ein del mørketal er i ferd med å kome fram i lyset.

– Tala viser også at det er mange kvinner som kjem frå andre kulturar som søkjer seg til krisesentera. Det kan vere informasjonen blant dei har vore dårlegare tidlegare, og at dei no veit å ta kontakt, seier valdsforskaren.

– Informasjon om krisesenteret er ein ting, men kan også terskelen for å ta kontakt ha blitt lågare?

– Det har den heilt sikkert, og det har med informasjonen å gjere. I tillegg blir valdsoffer behandla på ein meir empatisk måte no enn før, og det er ikkje så skambelagt å søkje hjelp som tidlegare, seier ho.

(Artikkelen held fram under)

Voldsforsker Ragnhild Bjørnebekk

VALDSFORSKAR: Ragnhild Bjørnebekk er valdsforskar ved politihøgskulen.

Foto: Ketil Kern / NRK

Trur folk har lettare for å ta kontakt

Også Wenche Hovland på Krisesenteret i Florø trur terskelen for å ta kontakt har blitt lågare.

– Eg er ikkje så sikker på om behovet er blitt større, men eg trur tilbodet er blitt meir kjent. Det er også blitt meir akseptert å bruke til det, og terskelen for å oppsøkje oss er ikkje så høg lenger, seier Hovland.

Det at krisesentera opplever ein auke i brukarar treng ikkje nødvendigvis å vere negativt, med mindre grunnen til det er ein reell auke i valdsepisodar, fortel valdsforskar Bjørnebekk.

– Auken betyr truleg at det er fleire som søkjer seg til krisesentera som ikkje har gjort det før, men det kan også bety ein reell auke, og det vil i så fall vere negativt, seier ho.

Kan gå mot nytt rekordår

Berre eit par månader ut i det nye året tyder mykje på at også 2014 blir eit år med stort besøk for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

– Det ser ut til at vi følgjer opp trenden vi såg i 2013, og vi har hatt ganske mange brukarar hittil i år, seier Wenche Hovland.

– Det er jamn pågang heile tida, og vi har stort sett fullt hus heile tida.