Hopp til innhold

Nær kvart tiande nordiske barn er utsett for vald i eigen heim

Ni prosent av nordiske barn opplever å bli slått, sparka, rista eller bitne av sine eigne foreldre. Det syner ei ny kartlegging forskarar har gjort på området.

Liten gut er lei seg fattig illustrasjon barn

VALD: Truleg er færre nordiske born utsette for vald og overgrep i eigen heim enn i mange andre land. Likevel opplever opp mot tretten prosent av born å bli utsette for vald eller misbruk, eller er vitne til vald i heimen.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

– Born som blir utsette for overgrep får psykiske skadeverknadar. Angst, depresjonar og andre lidingar kan dukke tidleg opp i livet og følgje ein vidare, seier førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Magne Mæhle.

Saman med Kathrine Kloppen ved Uni Research Helse har han gått gjennom nordiske studiar som handlar om born som er utsette for vald og overgrep av foreldra. Resultatet er den mest presise kartlegginga av kor mange born i Norden som blir slått, seksuelt misbrukte, eller er vitne til vald i heimen.

– Alle born opplever stress, men desse borna lever med eit konstant giftig stress. Dei kan få problem med konsentrasjon, læring og kontroll av sinne, seier Mæhle, som også er spesialist i barne- og ungdomspsykologi.

Kan vere berre toppen av isfjellet

Funna syner at mellom sju og tretten prosent har vore vitne til at ein forelder blir utsett for vald. Ni prosent av borna er sjølve blitt slått, sparka, bitne eller på anna måte blitt utsett for direkte vald frå ein av sine næraste.

Opp mot ein prosent av born har opplevd incest, seksuelt misbruk av far eller mor. Talet aukar om ein reknar seksuelt misbruk utøvd av anna nær familie til ein prosent for gutar og tre prosent for jenter.

Forskarane understrekar at dette berre er minimumstal. I røynda kan fleire born vere utsette for overgrep.

– Når ein blir vaksen kan det vere vanskeleg å hugse overgrep som skjedde føre førskulealder. Gutar brukar lang tid om dei nokon gong snakkar om seksuelle overgrep til dømes. Og dersom ungdomane framleis bur heime, så vil dei av ulike grunnar ikkje fortelje om det dei blir utsette for, seier Kloppen.

Barneombodet er glad for kartlegginga som er gjort, men ho er uroa over det høge talet på born som bur i utrygge heimar. Når dei er rundt om på skulane for å informere og snakke med born, blir dei kontakta av mange som har det særs vanskeleg heime.

– Mange kontaktar oss på epost og telefon og seier at dei er utsette for vald. Nesten kvar gong vi er rundt om på skular fortel nokon om vald i heimen. Det er skremmande, seier barneombod Anne Lindboe.

Påverkar også fysisk helse

Undersøkinga syner at førekomsten av vald og misbruk i heimen truleg skjer sjeldnare i Norden enn i andre rike vestlege land, som USA, Storbritannia og Canada. Det trur forskarane mellom anna heng saman med ulike samfunnsforhold.

Økonomi, grad av likestilling og inntektsskilnad, samt regelverk og syn på born spelar inn. At dei fleste born går i barnehage og møter til kontroll på helsestasjon har også betyding.

– Vi har ein familie- og velferdspolitikk som gjer at grobotnen for omsorgssvikt og mishandling er mindre, meiner Kloppen og Mæhle.

Samstundes har forskinga dei seinaste åra synt at det ikkje berre er psykiske lidingar som er meir framståande for jenter og gutar som har opplevd vald eller overgrep i heimen. Også den fysiske helse blir svekka.

– Barndomsopplevingane kan føre til auka risiko for kreft og hjarte- og karsjukdomar. Med det konstante stresset kan dei få uhensiktsmessige måtar å regulere livet sitt på gjennom mat, røyking og rus, fortel Mæhle om korleis ein ser at dei som har vore utsette for vald og overgrep i heimen også har høgare førekomst av livsstilssjukdomar.

Både born og vaksne treng meir kunnskap

Barneombodet ser at ein står overfor fleire store utfordringar for å kunne hjelpe dei som treng det. Den største er å gje born meir kunnskap om eigne rettar.

– Mange veit ikkje at det er ulovleg for foreldre å slå. Dei trur at foreldre har rett il å bruke vald. Born må lære meir om sine rettar og kvar dei kan gå for å få hjelp, seier Lindboe.

Ho etterlyser også meir kunnskap om dei aller minste borna, og auka kompetanse hjå vaksne.

– Det er utfordrande at mange som jobbar direkte med born ikkje har nok kompetanse, slik at dei ser vekk heller enn å handle når ein er uroa for eit born, eller ikkje skjønar det i det heile, seier ho.

Ho får støtte av forskarane.

– Born er veldig lojale, og fortel sjeldan om korleis dei har det heime. Dei er avhengige av vaksne rundt dei for å få hjelp, seier Kloppen.

Barneombodet er klar på at ein ikkje har noko tid å miste.

– Det går med musesteg når ein tenkjer på alvorsgraden. Born blir drepne, skadd for livet og får øydelagt barndommen sin. Vi har dårleg tid, så vi må gje feltet topprioritet, konkluderer Lindboe.