– Her må både fylkeskommunen og Sogn og Fjordane museum vere på ballen. Dette kan ikkje definere dette berre som ein kunstnarheim. No må ein kunne viser fram Astrup sin originalkunst i større grad i Astruptunet, seier Atle Hamar.
Hamar har tidlegare vore styreleiar av Astruptunet, og no Jølster kommune sin representant i arbeidet med lanseringa internasjonalt.
Sparebankstiftinga DNB gir 10 millionar kroner for å lansere den kjende jølsterkunstnaren Nikolai Astrup internasjonalt. Neste år skal over 90 verk av Astrup stillast ut i London, Oslo og Emden i Tyskland. Fleire av bileta har ikkje vore viste tidlegare og utstillinga baserer seg på innlån frå blant anna 20 private eigarar.
- Les også:
– Må bruke låneavtalen
– Astruptunet kunne kanskje låne ein 15 kunstverk frå samlinga på rundt 400 verk som er i Bergen. Det ville vore fantastisk å kunne kurert ei ny utstilling kvart år og kunne løfta Astruptunet også på formidling, seier Hamar.
Sparebankstiftinga DNB eig om lag 400 kunstverk av jølsterkunstnaren Nikolai Astrup, men samlinga blir forvalta av Bergen kunstmuseum. Det ligg i avtalen mellom Jølster kommune og Sparebankstiftinga at kommunen kan fornye utstillinga i Astruptunet med verk frå samlinga til Bergen kunstmuseum.
– Det er opp til Sogn og Fjordane kunstmuseum å bruke den moglegheita som ligg der til å vise fram kunsten til Astrup, seier Atle Hamar.
Vil auke interessa for Astrup
Som ordføraren i Jølster, trur Hamar lanseringa internasjonalt vil vere positiv for Astruptunet med auka besøkstal og større interesse rundt Astruptunet.
Lanseringa skal skje i 2016 i London og Tyskland. Hamar viser til at store utstillingar tidlegare på Blaafarveværket så auka interessa for Astruptunet.
– Når det blir brukt så store ressursar på å lansere Astrup internasjonalt vil det vere ganske merkeleg om vi ikkje skulle auke interessa ganske kraftig.
– Noko av den unike opplevinga i Astruptunet er at du kan komme der og sjå tunet han budde i og sjå motiva rundt deg. Og husa ligg der så ein kan sjå korleis han budde.