Hopp til innhold

Meiner Astrup-senter i Bergen også vil vere bra for Jølster

Ordførar Oddmund Klakegg meiner eit Nikolai Astrup-senter i Bergen vil vere positivt for Jølster.

Oddmund Klakegg

Oddmund Klakegg (Sp) er ordførar i Jølster.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Når det blir satsa så mykje på ei internasjonal lansering av Nikolai Astrup, så trur eg det vil gagne Jølster. 98 prosent av produksjonen til Astrup er frå bygda vår, med Jølstra-naturen og spesielle lyset, seier Klakegg

I helga skreiv Aftenposten at Sparebankstiftinga DNB løyver 10 millionar kroner til eit Nikolai Astrup-senter i Bergen som skal lansere Jølster-kunstnaren internasjonalt.

Hadde eigne planar

I 2009–2010 hadde Jølster kommune sjølv planar om eit eige Astrup-senter.

– Vi skulle sjølvsagt gjerne hatt eit slikt senter, men det sette Sogn og Fjordane fylkeskommune ein effektiv stoppar for.

No blir det i staden etablert eit Astrup-senter i tilknyting Kunstmusea i Bergen KODE, der det skal forskast på Astrup, og bidra til at Astrup blir vist for eit internasjonalt publikum.

Internasjonal utstilling

Neste år skal over 90 verk av Astrup stillast ut i London, Oslo og Emden i Tyskland. Fleire av bileta har ikkje vore viste tidlegare og utstillinga baserer seg på innlån frå blant anna 20 private eigarar.

– KODE i Bergen har ei permanent utstilling, og forvaltar i dag den store samlinga til Brynildsen. Dei sit på ein stor og unik kompetanse når det gjeld kunstformidling og forsking. Så at Astrup får sitt eige forskingssenter i Bergen er ikkje overraskande seier Klakegg.