Hopp til innhold

Vil byggja nytt kulturhus langs hamnepromenaden i Egersund

Grand hotell i Egersund vil byggja nytt kulturhus langs den planlagde hamnepromenaden i byen. Om alt går etter planen vil bygget kunne stå ferdig om fem år.

Geir Sølve Sleveland Hebnes

HER:... vil Geir Sølve Sleveland Hebnes ha eit nytt kulturhus i Egersund.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kulturhustomta
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Om me kan få ein kombinasjon av konsertar, humor og gjerne litt gjerne musikal, så hadde det vore veldig spanande. Me har gode lokale eigarar som er opptekne av at det skal vera eit bra tilbod i byen, og det gagnar også hotellet ved at det skjer ting, seier hotelldirektør Geir Sølve Sleveland Hebnes.

Kulturhuset skal romme mellom 800 og 1000 publikummarar.

Shipping-brør i kulissane

Brørne Frode og Ole Teigen, som gjer det godt innan shipping, eig heile hotellet og har midlane som skal til. Dei har allereie lova millionar til den planlagde hamnepromenaden i den verneverdige sjøhusrekkja i Egersund hamn. Her har dei også sikra seg den ubebygde Kiellandtomta på 1,3 mål, og det er her dei vil ha eit nytt kulturhuset.

– Der er det i dag parkeringsplass, som me er veldig avhengige av å ha, men så tenkjer me at det er for gale at det ligg ei så flott tomt nede ved sjøen utan at det blir gjort noko med den. Me ser føre oss parkering i første etasje, med eit kulturhus i etasjen over, gjerne med ein restaurant ned mot sjøen. Me håpar at med eit lokale som tek opp mot 800 personar, så vil me også trekkja større namn til byen. Samstundes er det viktig at lokalet er fleksibelt, slik at ein kan ha arrangement med 200 til 400 personar, seier Hebnes.

Kommunen har ikkje råd

Roald Ripland

Roald Ripland

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Kulturlivet i Egersund har berre byteltet som ei sentrumsnær storstove, men det blir tatt ned kvar haust. Mangeårig kulturarbeidar i Egersund visefestival, Roald Ripland, rosar Grand hotell sine planar.

– Dersom det er slik at dette kan romma mange folk, men kan avgrensast litt til mindre konsertar, så er det genialt og noko byen har leita etter i mange år. Me har behov for noko slikt, det å vera variable. Noko slikt har me drøymt om i mange år, seier han.

For politikarane kjem kulturhusplanane på eit gunstig tidspunkt. Eigersund kommune har ein anstrengt økonomi og har sett bygging av nytt kulturhus på vent. Ordførar Leif Erik Egaas (H) helsar kulturhusplanane velkomne.

– Det har vore diskutert og sagt at dette er noko nokon andre må ta tak i når det gjeld promenaden, for det har me ikkje hatt midlar til. Eg kan vel ikkje seia at me har det no heller, men skulle det bli aktuelt att, så må me sjå om me kan bidra på ein eller annan måte, seier Egaas.

– Ny Aker Brygge

Det er ikkje første gang Grand hotell ekspanderer. Frå før har eigarane kjøpt opp eit heilt kvartal, og utvidar for tida hotellet for fleire hundre millionar kroner. Kulturhuset vil få glasfasade mot promenaden og hamna, fortel direktør Hebnes.

– Trur du dette kan generera annan aktivitet langs promenaden?

– Det hadde vore veldig kjekt med eit slags Aker brygge-område, med fleire restaurantar og utestader, og samla det ut mot sjøen. Då kunne det blitt veldig kjekt med ein kveldstur på ein heilt vanleg tysdag.