Hopp til innhold

Ferje kolliderte: – Me fekk beskjed om å halda oss fast

Passasjerferja mellom Stavanger og Tau krasja i ettermiddag like ved ferjeleiet på Tau. – Me fekk beskjed over høgtalaranlegget om å halda oss fast, fortel Kristian Ulla, som er passasjer om bord. Etter to og ein halv time kunne bilane køyra i land.

Landgang frå Tau-ferja

Passasjerar utan bil fekk gå i land via ei landsbru. Dei med bil må venta om bord.

Foto: Kristian Ulla / NRK

  • SISTE: Klokka 17.21 bilpassasjerane er i gang med å køyra av ferja på Tau etter to og ein halv time om bord på ferja.

– Litt etter klokka 15 hadde me eit samanstøyt inne på Tau med MF «Stord». Me må ha ei grundig undersøking på kva som har skjedd, men mykje kan tyda på at me har hatt ein feil i manøversystemet vårt som gjer at me har mista kontroll på propellen, fortel Ivan Fossan, administrerande direktør i Norled.

Det var 78 passasjerar og 29 bilar på ferja då samanstøyten skjedde. Ingen skal ha blitt skadde, og passasjer Kristian Ulla fortel at det ikkje var dramatisk.

Såg at ferja hadde stor fart

– Eg sat i bilen og såg for så vidt at ferja hadde litt vel stor fart, deretter fekk me beskjed over høgtalaranlegget om å halda oss fast. Samanstøyten var ikkje spesielt kraftig eller dramatisk, seier Ulla.

Dei som ikkje hadde bil om bord på ferja kunne gå i land via ei gangbru, dei med bil må venta på slepebåt som skal leggja ferja til kai, slik at bilane kan køyra i land.

– Eg skulle henta i barnehagen, men kona mi gjekk i land via gangbrua, så derfor fekk me henta dei, fortel Ulla.

MF "Stord" på Halhjem - Sandvikvåg

Det var MF 'Stord' som krasja inn i ferjekaien på Tau. (Arkivbilete)

Foto: Lars Johan Storækre

– Ingen samanheng med samanstøyten i sommar

I sommar krasja Tau-ferja MF «Hardanger» ved ferjeleiet på Tau, men Fossan seier at dei to hendingane ikkje har samanheng.

– Det er to heilt ulike hendingar, og dei har ingenting med kvarandre å gjera, seier han.

Sidan MF «Stord» gjekk i rute 3 skal det ikkje bli dei store forseinkingane.

– Me har varsla dei som skal varslast om hendinga, og når me får alle av ferja startar jobben med å finna ut kva som gjekk gale, seier Fossan i Norled.

Klokka 17.21 opplyser Norled at ferja har blitt slept til ferjekaien, og at bilane er i ferd med å køyra av.

Tau