Hopp til innhold

Måtte venta ombord på ferje utan motorkraft tre timar - tok det heile med eit smil

– Me fekk kaffi og mat, så stemninga om bord var god, seier passasjer Arve Hadland.

MF Hardanger måtte slepast til kai i Stavanger etter å ha mista motorkrafta tysdag ettermiddag.

SJÅ VIDEO: Arve Hadland var i godt humør, sjølv om ferjeturen vart noko lenger enn planlagt. (Foto Håvard T. Larsen/NRK)

Frå kvart på fire til om lag kvart på fem i ettermiddag var det berre éi ferje som trafikkerte tausambandet. Ferja MF «Hardanger» fekk motorproblem, og vart liggjande utanfor Tau. Ferja MF «Stord» kom til hjelp og fekk sikra den drivande ferja fram til slepebåt kom på plass.

– God stemning

Arve Hadland
Foto: Håvard T. Larsen / NRK

Hadland var ein av dei som i utgangspunktet reiste om bord ferja for den 40 minutts ferjeturen frå Tau til Stavanger 14.40. Men først tre timar seinare kom dei fram, utan at det tok humøret frå Hadland.

– Stemninga om bord var veldig god. Me fekk mat og kaffi, og kapteinen var rundt for å informera og forklara så godt han kunne. Eg skulle ikkje rekka noko, så det har vore heilt fint, seier han.

– Ferja er jo heilt ny, kva tenkjer du om at den må tauast i land?

– Alt er jo nytt for mannskap og maskinistar, så litt innkøyring må ein sikkert rekna med, slik tenkjer eg i alle fall. Slikt skjer, seier Hadland.

Ferja Hardanger blir slept mot Stavanger. Foto Eirik Gjesdal

SJÅ VIDEO: Her blir ferja Hardanger slept mot Stavanger med hjelp av slepebåt. (Foto: Eirik Gjesdal/NRK)

MF «Stord» måtte hjelpa

MF «Hardanger» kom til kai i Stavanger rundt klokka 17.30, og dei om lag 70 passasjerane komne i land – nesten tre timar etter at dei køyrde om bord på ferja på Tau.

– Ferja «Stord» heldt den fast før slepebåten kom, kunne augevitne Elling Gausland fortelja litt over klokka 16.

MF «Stord» har gått inn i rute 1 med første avgang frå Stavanger klokka 16.40.

– Den flaut litt nordover før «Stord» kom til hjelp. Det ser ut til at dei har kontroll der no.

Normal trafikk frå onsdag

Rutene på tausambandet går som normalt frå onsdag av, etter at ferja MF Hardanger fekk motorproblem tysdag ettermiddag. Det er ferja MF Stavanger som tek over for motorhavaristen. Ivan Fossan, Administrerande direktør i Norled, seier at MF Hardanger blir liggjande til kai til feilen er funne og retta.