Hopp til innhold

Slik vil Ryfast-bygginga påverka trafikken

Bygginga av Ryfast er i full gang, men det er først frå og med i dag at den påverkar trafikken. I videoen kan du sjå korleis byggeprosessen vil setja sitt preg på trafikkflyten fram til 2019.

Her er Vegvesenet sin informasjonsvideo, som syner korleis bygginga av Ryfast vil påverka trafikkbilete.

VIDEO: Her er Vegvesenet si framstilling, fase for fase, for korleis Ryfast vil prega trafikken under byggetida fram til hausten 2019.

– I dag blir Madlavegen i Stavanger snevra inn til eitt felt i kvar retning, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, i Vegvesenet.

Dermed får det gigantiske tunellprosjektet Ryfast for første gong direkte innverknad på trafikkflyten i fylke. Men når det skjer er det godt planlagt, for mellom 1. mai og helga er det minimalt med bilar på vegane, og når måndagen kjem vil Madlavegen opna med to felt i kvar retning.

Prosjektleiar i Vegvesenet Gunnar Eiterjord forklarar korleis utbygginga av Ryfast vil prega trafikken framover.

Gunnar Eiterjord i Vegvesenet er prosjektleiar for Ryfast.

Permanent omkøyringsveg

– Me skal legga om eit svært avløpsrøyr, og gjer jobben i to fasar. Neste fredag vil me nok ein gong snevra inn Madlavegen, målet er at me skal vera heilt ferdige med arbeidet i løpet av helga, seier han.

Det er heller ikkje lenge til det vil bli omkøyring ved tunellmunningane i Stavanger sentrum og på Tasta.

– Når me legg om vegen kjem det til å bli omkøyringsveg dei neste trer til fire åra. Omkøyringsvegane vil variera ut frå kva fase me er i i bygginga, seier Eiterjord og viser til ein video dei har laga.

I videoen, som du kan sjå øvst i artikkelen, ser du korleis bygginga trinn for trinn vil påverka trafikken.

Ryfast, som består av Eiganestunellen, Hundvågtunellen og Ryfylketunellen er ifølgje Eiterjord i rute, og så langt innanfor budsjettrammene, som samla er på 5,5 milliardar kroner.

Ryfast