Hopp til innhold

– Me er over 80 mann dersom nokon prøver seg igjen

I haust har ei nabogruppe på meir enn 80 personar patruljert på Jæren om nettene. – Eg vil ikkje kalla det borgarvern, men «aksjon nabohjelp», seier lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal.

I haust har ei nabogruppe på meir enn 80 personar patruljert på Jæren om nettene. – Eg vil ikkje kalla det borgarvern, men «aksjon nabohjelp», seier lensmann i Hå, Oddvar Tengesdal.

HADDE INNBROT: Tom Arild Bekkeheien frå Jæren er ein av mange som har opplevd innbrot i haust. Tjuvane tok med seg PC, kamera og andre lett omsetjelege ting medan han og familien låg og sov.

Oddvar Tengesdal, lensmann i Hå

Oddvar Tengesdal er lensmann i Hå. Han seier at alle har rett til å ta ein person i fersk gjerning for så å halda han til politiet kjem.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg blir forbanna av å vite at det har vore tjuvar her inne, medan eg, kona og barna låg og sov i etasjen over, seier Tom Arild Bekkeheien. Huset hans ligg på Bekkeheien ved Nærbø i Hå kommune midt mellom gardane på Jæren heilt ved grensa til Klepp.

Han er ikkje den einaste som har hatt innbrot i dette området den siste tida.

Hå lensmannskontor sett 20 ulike innbrot i samanheng i dette området om seinsommaren og i haust.

Ingen oppklara innbrot

Men då politiet sleit med å ta gjerningspersonane, tok nabolaget saka i eigne hender.

– Eg var ein av dei som tok initiativ, og blei svært overraska over kor mange det var som engasjerte seg. Over 80 personar blei med i ei vaktordning der me patruljerte om nettene. Private vegar blei sperra og mistenksame folk kontrollerte, fortel Bekkeheien.

Dei hadde vaktlister og eigne vaktpostar, kommunikasjonen skjedde over SMS og walkie talkie. Ei av dei viktigaste oppgåvene var å notera bilskilt.

– Me lærte oss raskt kva bil avisbodet køyrde for å sei det slik, seier Bekkeheien.

Tom Arild Bekkeheien

Kvar natt i nesten ein månad bytta Tom Arild og dei andre i aksjonsgruppa på å patruljera vegane på Jæren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

«Aksjon nabohjelp»

Etter kvart auka politiet innsatsen sin i området, og hadde ofte ute ein patruljebil. Dei sette stor pris på informasjonen dei fekk av dei engasjerte borgarane. Men lensmannen i Hå kommune vil ikkje kalla det eit borgarvern.

– Eg kallar det «aksjon nabohjelp». Det må vera opp til den enkelte å passa på sine eigendelar. Ein kvar borgar kan observera og eventuelt ta ein person på fersk gjerning. Men det må skje under føresetnad av at dei varslar politiet og ikkje brukar unødig makt, seier Tengesdal.

Men er det ikkje politiet si oppgåve å halda eit nabolag trygt?

– Det er klart at politiet bidreg med sitt gjennom patruljering og me har dette som eit prioritert område også den dag i dag. Me er i nærleiken, seier han.

Aksjonsgruppa fakka aldri nokon på fersk gjerning, men blei fleire gonger kalla ut til stader der det nett hadde skjedd innbrot. Sjølv om tjuvane kom seg vekk, kom aksjonsgruppa så kort tid etter at dei kan ha fått med seg omfanget av engasjerte naboar.

– Nå tok me aldri nokon, og det skal kanskje tjuvane vera glade for, men eg trur nok likevel at det kan ha hatt ein preventiv effekt. Og dersom det gjorde at politiet auka innsatsen sin, så var det verdt det aleine, seier Bekkeheien.

Slutt på innbrota

Innbrot på Jæren

Kvar raude prikk representerar eitt innbrot på Jæren den siste tida.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nå er det om lag ein månad sidan dei slutta å patruljera, sidan innbrota gav seg.

Ingen er tekne for ugjerningane, men politiet ser ikkje vekk frå at «aksjon nabohjelp» kan ha spelt ei rolle for at innbrotstjuvane nå har gitt seg.

– Eit slikt omfang av vakthald sender forhåpentlegvis visse signal, seier Tengesdal.

Lensmannen legg likevel til at to personar, som dei ikkje kan knytte direkte opp til desse innbrota, er arresterte. Dei registrerer at innbrota slutta då desse to blei sett bak lås og slå.

– Me kan heller ikkje sjå vekk frå at det kan ha vore snakk om omreisande kriminelle, seier han.

Beskjeden frå Tom Arild er klar, dersom det skulle koma ei ny innbrotsbølgje til Jæren.

– Me har ei liste med over 80 namn som er klar til å rullera om nettene dersom nokon skulle prøva seg, seier han.