Hopp til innhold

Nyttårsfeiringa er i gang med sprengde postkassar, rakettkrig og falske naudsignal

Allereie før rakettsalet offisielt var i gang har politiet blitt nedringde med meldingar om sprengde postkassar og anna uvettig bruk av fyrverkeri. – Me får jo ikkje sova, seier ein pensjonist frå Randaberg som NRK har snakka med.

Fyrverkeri

BOT: Dersom ein skyt opp fyrverkeri før nyttår kan ein risikera bot frå 4000 til 8000 kroner.

Foto: Engelsrud / Pressebilde

– Det er for jævlig! Mange får ikkje sova på grunn av dette. Eg håper dei får tak i dei som driv på heile natta og gir dei ei bot, seier pensjonist Egil Kalvik til NRK.no.

Han bur på Randaberg der politiet i natt fekk fleire meldingar om uvettig rakettbruk.

– Ei av meldingane gjekk på at ungdom skøyt rakettar på kvarandre, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Karstein Tendenes.

Ser alvorleg på bruk av fyrverkeri

Elles i landet har det også kome inn fleire meldingar om rakettbruk før nyttår. På operasjonssentralen i Rogaland kokte telefonen.

Leif Ole Topnes

Politiinspektør i Rogaland, Leif Ole Topnes, meiner det er ein uting at ungdom år etter år skyt opp rakettar før tida.

Foto: Politi.no

– Det har kome inn fleire meldingar om bruk av fyrverkeri i fylket. Det handlar om vanleg oppskyting, skyting på kvarandre, sprengde postkassar og ein naudbluss på Tasta i Stavanger førte til at redningsbåten «Ryfylke» blei sendt ut på falsk alarm, seier han.

Sjølv om politiet rykka ut fleire gonger blei ingen i natt tekne for bruk av fyrverkeri før nyttår. Politiinspektør i Rogaland, Leif Ole Topnes, seier likevel at dei ser alvorleg på problemet og at dei må bruka resursar på dette år etter år.

–Det er ein uting, og det er alvorleg med tanke på dei skadane som kan skje i samanheng med bruk av fyrverkeri. Dersom politiet har kapasitet reagerer me, og dersom me får fatt i dei som driv med det får dei bot, seier Topnes.

I alle kommunane i Rogaland, med unntak av Hjelmeland og Sokndal, er det berre lov å selja fyrverkeri i dag og morgon. Fyra opp fyrverkeri er berre lovleg mellom 18.00 og 02.00 nyttårsaftan. Desse reglane gjeld for heile landet.

– Dersom me tar nokon for å fyra opp ein rakett før dette kan han venta seg ei bot frå 4000 til 8000 kroner. Storleiken på bota er avhengig av kor store skadar bruken av fyrverkeri har ført til eller omstenda rundt oppskytinga, seier Topnes.

Dersom det er vaksne som brukar ulovleg fyrverkeri, som pinnerakettar, vil bota minst vera på 8000 kroner.

«Tradisjon»

Pensjonisten Egil Kalvik er frå Randaberg, der det nærmast har blitt ein tradisjon at ungdom gir blaffen i regelverket for å skyta opp rakettar i dagane før nyttår.

Ordførar i Randaberg, Bjørn Kahrs (H), har sjølv opplevd å få ein rakett under bilen. Han meiner det er synd at ungdom i kommunen hans ikkje tar forbodet på alvor.

– Det er beklageleg at lysten til å fyra opp rakettar skal gå ut over eldre og sjuke. For det skjer midt i sentrum dette her, seier han.

Han seier at det har blitt ein slags tradisjon i Randaberg at ein helst skal ha skote opp litt fyrverkeri i romjula.

– Ein eller annan dag vil dette føre til at eit hus brenn ned eller at nokon blir skadde. Eg hadde derfor håpa at ungdom tenkte seg litt betre om, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland