«Vi har i forbindelse med det som for oss er en oljekrise, kommet opp i en arbeidsledighet på over 6 prosent (6,3). Dette er blant de ti kommunene med høyest arbeidsledighet.»
Dette er noko av det som står i brevet der ordførar Arne-Christian Mohn (Ap), assisterande rådmann Tore Haaland og varaordførar May Britt Vihovde (V) i Haugesund kommune, har sendt til arbeidsminister Anniken Hauglie (H).
- Les òg:
- Les òg:
I skuggen av Stavanger
Vihovde forklarar at dei føler at Haugesund har hamna litt i skuggen av Stavanger i oljekrisa.
– Me vil synleggjera at me treng hjelp. Me har sett at statsrådar har vore på besøk i Stavanger, og det er veldig bra, men me vil sei at me også har store utfordringar, seier ho.
Haugesund kommune er ein av kommunane som i 2007 blei råka av den såkalla Terra-saka, der åtte kommunar hamna i økonomisk uføre etter å ha investert pengar i meklarfirmaet Terra Securities, som seinare blei slått konkurs.
Og med eit akkumulert underskot på 163 millionar kroner, er framleis Haugesund kommune under administrasjon av staten. Dei er ein såkalla Robek-kommune.
Vil setja i gang vedlikehaldsprosjekt
Dei ber derfor staten om pengar til å starta opp ei rekke prosjekt, som vil generera arbeidskraft, og som vil gi byen eit etterlengta løft.
Dette handlar mellom anna om vedlikehald på fleire skular og nytt tak på Haugesund museum.
– Me treng draghjelp for å få opp sysselsetjinga, seier Vihovde.
Departementet har framleis ikkje motteke brevet, og har derfor ingen kommentar på nåverande tidspunkt.
Til Haugesunds Avis seier leiar av arbeids- og sosialkomiteen, Arve Kambe (H), at brevet vil bli teke på alvor.
– Dette vil bli behandla i revidert statsbudsjett. At kommunar ber om bistand er heilt vanleg. For å få til gode tiltak må me få inn forslag, seier han.