Hopp til innhold

– Dette er sjølvpining

80 deltakarar sleit seg gjennom ei krevjande hinderløype under Trolljeger-prøven i Sandnes i dag.

Trolljeger-prøven i Sandnes.

VIDEO: Sjå reportasje frå Trolljeger-prøven i Sandnes i dag.

30 hinder. Bakkar og berg. Bekker og vatn. Skal du bli ein trolljeger må du gjennom alt dette og litt til. Trolljeger-prøven i Sandnes er ikkje for den som likar å sløva bort solrike laurdagar.

I dag sleit 80 deltakar seg gjennom den seks kilometer lange terrenghinderløypa på Foss-Eikeland. Ein av dei som heiv etter pusten etter målgang var Willy Miljeteig.

– Eg kjenner blodsmaken i munnen og hjarta pumper. Det er sjølvpining dette her.

Men sjølv om hinderløpet kosta krefter, gjer han det gjerne igjen.

– Det er godt å bruka kroppen, sjølv om ein blir eldre.

(Artikkelen held fram under bildegalleriet).

Ville finna på noko typisk norsk

Paal Refsland er initiativtakar til Trolljeger-prøven. Ideen har han hatt i mange år, men det var først etter å ha undersøkt litt på nettet og snakka med ein kopis frå Amerika at han fekk fart på planane.

– Min amerikanske kompis tente på ideen, men sa at me måtte gjera noko som var norsk. Då handla det om å finna det rette namnet. Og sidan troll er typisk norsk, bygde me vidare på det, fortel Refsland.

Dei to landa på Trolljeger og Trolljeger-rittet. Og ifølge rittsjefen skal løypa vera tung.

– Dersom deltakarane kjem til meg og seier dei ikkje er slitne og har meir å gå på, ja då har eg bomma.

– Er dette noko berre for dei godt trente?

Nei, alle kan vera med. Men dei godt trente vil sjølvsagt bruka kortare tid. Dersom du ikkje klarer eit hinder, får du ei straff og kan halda fram etterpå.

Nytt konsept

Mange deltok også som lag i dagens konkurranse.

– Då blir samarbeid viktig for å lukkast. Konseptet er nytt og annleis og ein får brukt kroppen skikkeleg. Eg synst det er kult, smiler arrangør Paal Refsland i solsteika.

Deltakar Tim Haugen er einig, sjølv om han synst det var eit blodslit.

– Eg oppnådde målet mitt; og slå det andre laget på bedrifta.