Hopp til innhold

– Me haustar som me sår når det gjeld integrering

I ei ny studie kjem Stockholm ut på topp når det gjeld integrering av born av innvandrarar. Samfunnsforskar Jon Rogstad meiner innvandrarar si tru på om det er mogleg å lykkast i samfunnet er avgjerande for yrkesdeltaking.

Jon Rogstad

Jon Rogstad i Fafo meiner den offentlege debatten spelar ei rolle for integrering av innbyggjarar med innvandrarbakgrunn.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

– Me har ein tendens til å tenkje at kvar innvandrarane kjem frå har mykje å seie for kor godt dei lukkast, men eg trur at regimet dei kjem til er vel så viktig. Me haustar som me sår, seier Jon Rogstad, som er forskingsleiar ved forskingsstiftelsen Fafo.

Han forskar på etniske minoritetar, arbeidsmarknad og politisk deltaking.

Stockholm best på integrering

Liza Reisel

Liza Reisel, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Carsten Muller / Institutt for samfunnsforskning

I ei ny studie som samanliknar kor godt integrert born av innvandrarar er i forskjellige byar, kjem Stockholm ut på topp.

Ein av forskarane bak studien, Liza Reisel ved Institutt for samfunnsforsking, fortel at forskarane meiner velferdsstaten kan ta mykje av æra for dei gode resultata til svenskane.

– Me legg vekt på at det er ein svakare samanheng mellom arbeidstilhøva til foreldra og kva arbeid borna deira får. Det er ein indikasjon på at velferdsstaten har lukkast i å ikkje lata ressursane til foreldra påverke resultata til borna i like stor grad som i dei andre byane, seier Reisel.

Velferdsstaten si rolle

Forskarane samanlikna åtte byar i sju forskjellige land: New York, Los Angeles, Stockholm, Paris, Berlin, Wien, Amsterdam og Brussel.

Det er Stockholm og Paris som kjem best ut når det gjeld moglegheitene etterkommarane av innvandrarar har til å etablere seg i arbeidsmarknaden. På botn finn me Berlin og Wien.

– Me såg på ein variabel som måler inaktivitet, det vil seie at ein korkje jobbar eller er i opplæring eller utdanning, delen av etterkomarar av innvandrarar med «høgstatusyrke», og på inntekta til dei som er i jobb, seier Liza Reisel.

– I dei andre byane har foreldra sin status ein uavhengig effekt på utfallet til borna, seier Reisel og understrekar at studien har samanlikna byar, ikkje land.

Funna er altså ikkje nødvendigvis representative for dei forskjellige landa.

Kapittelet som presenterer forskinga finst i boka «The Changing Face of World Cities. Young Adult Children of Immigrants in Europe and the United States», og er skreve av Liza Reisel frå Institutt for samfunnsforsking, Laurence Lessard-Phillips frå University of Manchester og Philip Kasinitz frå City University of New York.

Komplisert forsking

Grunnlaget for studien er ei spørjeundersøking med samanliknbare tal i Europa, medan i USA er det andre datasett som vart nytta.

– Det er ein kompliserande faktor at det er eit utval av innvandrargrupper me har sett på. Det er stort sett born av tyrkiske innvandrarar som er tekne med i den europeiske spørjeundersøkinga, medan det er andre grupper i den amerikanske, seier Reisel.

Trua på framtida

Jon Rogstad meiner det er naturleg at Norge samanliknar seg med Sverige, men påpeikar at det går føre seg ein debatt om velferdsstaten sin innverknad på innvandrarar si yrkesdeltaking i Norge.

– På den eine sida kan velferdsstaten gjere det mogleg å lykkast ved å vere ein utjamnande faktor, men på den andre sida, den kan vere eit tryggingsnett som gjer at det ikkje er farleg å falle utanfor reint økonomisk, seier han.

Han meiner me må søkje fleire typar forklaringar, og at det er eit samspel mellom fleire faktorar.

– Gruppa si eiga oppfatning av om det er mogleg å lykkast er viktig. Om det er slik at den gjengse oppfatning er at uansett kor mykje utdanning du tek så kjem du til å køyre taxi eller vaske, så verkar det negativt inn på dei unge si tru på framtida og eigen suksess, seier Rogstad.

Norge midt i mellom

Rogstad meiner Sverige har hatt ein meir liberal og open debatt om det fleirkulturelle, og at dei i større grad anerkjenner kultur og mangfald, medan Danmark har hatt ein mykje krassare og negativ debatt.

Han meiner Norge hamnar ein plass mellom Sverige og Danmark. Han viser til ei samanlikning mellom Norge og Danmark som såg på politisk deltaking blant innbyggjarar med pakistansk bakgrunn, der Norge kom betre ut.

– Ambisjonane til dei unge, kva dei trur er mogleg å få til, og om det er føremålstenleg å satse på utdanning, er vel så viktig som velferdsstaten, seier Rogstad.

SISTE NYTT

Siste nytt