Hopp til innhold

– Israelske styrkar i Iran på jakt etter kjernevåpenbevis

Spesialstyrkar frå det israelske forsvaret opererer langt inne i Iran. Utkledde som iranske militære spionerer dei på Iran sine atombasar, ifølge avis.

Parchin Iran

Israelske styrker spionerer inne i Iran, på blant anna Parchin-anlegget utanfor Teheran.

Foto: Ap

Frå ein hemmeleg base i Kurdistan nord i Irak utfører israelske spesialstyrkar etterretningsoperasjonar inne i Iran, melder den engelske avisa The Sunday Times.

Sverre Lodgaard

– Dette er ikkje overraskande, seier seniorforskar Sverre Lodgaard ved NUPI.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Israelarane bruker iranske militæruniformer og køyretøy. Dei måler radioaktivitet og held auge med Iran sine atombasar på jakt etter bevis for at Iran utviklar kjernevåpen.

– Ikkje overraskande

– Det overraskar meg ikkje at Israel har etterretning på bakken i Iran. Det er svært plausibelt at dei prøver å finne slike bevis, seier seniorforskar ved Norsk Utenrikspolitisk Institutt, Sverre Lodgaard.

Basane det blir samla informasjon om er Fordo, Arak og Parchin. Fordo driv med oppriking av uran, og Arak er ein tungvassreaktor, som israelarane trur kjem til å produsere plutonium innan eit år. Parchin er mistenkt av Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) for å utvikle tenningsutstyr til kjernefysiske stridshovud.

– Iransk dekkoperasjon

– Me har oppdaga forsøk på ein dekkoperasjon på basen i Parchin nyleg. Det kan indikere at iranarane prøver å skjule bevis for prøvesprenging, i tilfelle IAEA kjem på kontroll, seier ei ikkje namngitt etteretningskjelde til TST.

Kjeldene seier at slike operasjonar har gått føre seg i årevis, men har blitt trappa opp i det siste kring Parchin-basen i nærleiken av Teheran.

Irans tungtvannsanlegg

Dette er det iranske tungtvassanlegget i Arak.

Foto: Hamid Foroutan / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt