Hopp til innhold

Langa ut mot Iran og Nord-Korea

Under statsbesøket sitt i Sør-Korea nytta president Barack Obama høve til å åtvare både Nord-Korea og Iran mot opprusting av militæret.

Barack Obama

Barack Obama er i Sør-Korea i samband med ein stor atomtryggleikskonferanse i Seoul.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Presidenten Barack Obama deltek i dag på ein stor konferanse om atomtryggleik i Seoul i Sør-Korea. Han nytta pressekonferansen til å kome med skarpe åtvaringar både til nabolandet Nord-Korea og til Iran.

Obama sa at Nord-Korea vil gå djupare inn i isolasjon dersom dei gjennomførar den planlagde test-oppskytinga av ein langdistanserakett.

NKOREA-MISSILE NKOREA-MISSILE

Dette biletet frå 2009 viser ein av Nord-Korea sine langdistanserakettar.

Foto: KCNA / AFP

– Nord-Korea vil ikkje oppnå noko ved trugslar og provokasjonar. Landet kjenner sine forpliktingar, sa Obama til pressen.

Han haldt fram med å understreke at Pyongyang «må forstå at dårleg oppførsel ikkje vil bli løna.»

Vil ha hjelp frå Kina

Presidenten nytta høve til å kome med ei kraftig oppfordring til Kina om å bruke innverknad til å stanse Nord-Korea sin militære opprusting, i staden for å ignorere nabolandet i sør.

– Eg trur at Kina er svært oppriktige i at dei ikkje ønskjer eit Nord-Korea med atomvåpen. Men dei er nøydd å vise verdssamfunnet at dei ikkje ønskjer det på ein overbevisande måte, sa Obama.

Dette er ifølgje Reuters den skarpaste beskjeden Obama har retta mot kinesiske styresmakter i samband med Nord-Korea sitt atomprogram.

(artikkelen held fram under biletet)

Obama ser over grensen til Nord-Korea
Foto: Susan Walsh / Ap

– Vindauga lukker seg for Iran

Obama gjekk vidare over til å snakke om Iran. Presidenten sa at det framleis er tid til å løyse usemja om Iran sitt atomprogram ved hjelp av diplomati.

– Eg meiner det framleis er eit tidsvindauge for å løyse dette diplomatisk, men dette vindauget er i ferd med å lukke seg, sa Obama til pressekorpset.

Og dersom dette vindauga lukker seg, er det grunn til å tru at Obama vil opne for ei militær løysing.

Ifølgje Iran er atomprogrammet meint for berre fredeleg aktivitet, men Israel og vestlege land trur at landet er på veg til å skaffe seg atomvåpen som kan dramatisk endre den regionale maktbalansen i midt-austen.

Ny rapport avkreftar trugselen

ISRAEL-IRAN-NUCLEAR-POLITICS-DEMO

Mange i Tel-Aviv i Israel demonstrerte i helga mot ein ny krig i Iran, etter at USA har nekta å utelukke militær aksjon i landet.

Foto: AHMAD GHARABLI / Afp

Men berre for nokre dagar sidan kom ein rapport som tilseier at Iran er svært langt unna frå å skaffe seg atomvåpen. Ein omfattande spørsjeundersøkjing blant offisielle personar frå USA, Europa og Israel med kjennskap til etterretning om Iran er einige om tre ting:

Iran har ikkje atomvåpen, dei har ikkje bestemt seg for å lage dei, og dersom dei ville, er dei sannsynlegvis årevis unna å klare å skaffe seg leveringsklare kjernefysiske våpen.

Dei intervjua er sikre på at FN har full oversikt over uranium-utvinninga til Iran, og at det hadde blitt oppdaga dersom landet faktisk var i ferd med å lage ei atombombe, skriv Reuters.

Likevel er det ingen tvil om at politikarar i Iran har gjort val som i framtida vil gjere det mogleg for dei å bli ein atommakt. Det er bevist at landet har skaffa seg uranium, og at dei har forsøkt å lagt skjul på dette overfor verda.

Korkje Nord-Korea eller Iran var invitert til å vere med på atomkonferansen i Seoul, men landa skal ha vore dei heitaste temaa under konferansen.

SISTE NYTT

Siste nytt