NRK Meny
Normal

Marsjerte ut av salen i protest mot Ahmadinejad

Den amerikanske delegasjonen forlet salen i protest under talen til Irans president Mahmoud Ahmadinejad på ein Afghanistan-konferanse i Dusjanbe i Tadsjikistan.

Mahmoud Ahmadinejad i Dusjanbe i Tadsjikistan.

Irans president Mahmoud Ahmadinejad legg skulda for det meste som er gale på NATO og USA.

Foto: STRINGER / Reuters

Den regionale konferansen om Afghanistan samlar alle nabolanda til Afghanistan og USA. Det er svært sjeldan at USA og Iran deltek på same konferansen.

Mahmoud Ahmadinejad gjekk i kjend stil hardt ut mot USA og NATO, og sa blant anna at NATO, og særleg USA, var skuld i alle problema til Afghanistan.

LES OGSÅ: 22 pågrepet for bombeplaner i Baku

LES OGSÅ: – Ikke sikkert at Iran ønsker atomvåpen

– USA og NATO si skuld

USAs viseutanriksminister Robert Blake.

USAs viseutanriksminister Robert Blake og resten av den amerikanske delegasjonen forlet konferansesalen under talen til Mahmoud Ahmadinejad.

Foto: MUNIR UZ ZAMAN / Afp

– Årsaka til alt som er gale i Afghanistan er det faktum at NATO, og aller mest USA, er på afghansk jord, sa Ahmadinejad i talen sin på konferansen.

Den amerikanske delegasjonen, leidd av viseutanriksminister Robert Blake, marsjerte ut av konferansesalen i protest mot den iranske presidenten.

Ahmadinejad sa i talen sin at det eigentlege målet med den amerikanske intervensjonen i Afghanistan er å kringsetje heile området.

– Dei gjekk inn i Afghanistan med det uttalte målet å kjempe mot terror, og under same slagordet kringset dei no Russland, India og Kina. Vi krev at alle utanlandske soldatar forlet Afghanistan snarast, tordna Ahmadinejad frå talarstolen.

LES OGSÅ: - Iran planlegger nytt atomanlegg

LES OGSÅ: USA vil utvise Iran fra banknett

– Dårlegare forhold til Pakistan

Den iranske presidenten heldt fram sitt angrep mot USA ved å slå fast at USA ikkje lenger er i ein posisjon der dei kan fortelje resten av verda korleis dei skal oppføre seg.

Pakistan er eitt av deltakarlanda på konferansen, og Ahmadinejad spådde at forholdet mellom USA og Pakistan kjem til å bli mykje dårlegare i tida framover.

Ahmadinejad nemnde ikkje det iranske atomprogrammet i talen sin i Dusjanbe. Iran hevdar at atomprogrammet berre er til fredelege føremål, men USA og andre vestlege land trur ikkje på dette.

USA fryktar at Iran skal få ein sterkare posisjon i Afghanistan, når tilbaketrekkinga av utanlandske soldatar frå landet er ferdig.

LES OGSÅ: Iran ruster opp atomprogrammet

LES OGSÅ: – Vi vil aldri anerkjenne Israel

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt