Opprørssoldatar i den austlege utkanten av Brega seier at fly frå den internasjonale koalisjonen gjekk til angrep på dei i går kveld, og at minst ti av soldatane vart drepne.
Det tyske nyheitsbyrået DPA seier at talet på drepne er 13.
Dette er første gong det kjem meldingar om at fly frå den NATO-leidde styrken har gått til angrep på opprørarar. Om dette er tilfelle, kan det vere snakk om feilbombing.
Opprørssoldaten Mustafa Ali Omar seier at soldatar frå Gaddafi-styrkane hadde snike seg inn blant opprørarane og skote med luftvernvåpen. Deretter kom NATO-flya og bomba dei, seier han til Reuters.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Saken fortsetter under videoen)
– Gjeninntok Brega
Opprørarane i Libya hevdar å igjen ha teke kontrollen over den viktige oljebyen Brega. Ein opprørssoldat utanfor byen seier at dei no har kontroll over byen, men at byen enno ikkje er sikker. Det er magne snikskyttarar, spesielt inne på universitetsområdet, seier han.
Det var i natt harde kampar langs grenselina mellom området opprørarane kontrollererer og den delen av Libya der Muammar Gaddafi og hans støttespelarar framleis har kontroll.
Ein korrespondent frå det franske nyheitsbyrået AFP fortel at han har sett sju døde soldatar frå Gaddafi sine styrkar og 10 utbrende lastebilar på vegen mellom Ajbadiya og Brega.
Han fortel at det laurdag føremiddag er roleg i utkanten av Brega, men at fly frå den internasjonale koalisjonen flyg over området.
Gaddafij-styrkane angreip i natt byen Misrata med tungt artillerI.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Skiftande kontroll
Brega ligg 800 kilometer frå Tripoli. Byen har vore åstad for harde kampar den siste tida, og byen har vekselvis vore på opprørarane og på regjeringsstyrkane sine hender.
Opprørarane vart kasta ut av Brega sist torsdag, og dei trekte seg tilbake til Abadjiya 80 kilometer mot vest, for å omgruppere seg. Det er vanskeleg å få uavhengig informasjon om kven som kontrollerer byen no.
I går gjekk opprørsleiaren Mustafa Abdul Jalil, som oppheld seg i Benghazi, ut og sa at dei ville inngå våpenkvile, men berre på visse vikår. Eitt av vilkåra var at dei regjeringstru styrkane måtte trekkje seg ut av byane vest i Libya, og at det skulle bli full ytringsfridom.
(Saken fortsetter under videoen)
Avviser våpenkvile
Seint fredag kveld kom svaret frå den libyske regjeringa. Kravet om tilbaketrekking
av talsmann Mussa Ibrahm.– Vi vil aldri forlate byane våre. Det er vi som er regjeringa, ikkje dei, sa Ibrahim blant anna. Men han la til at regjeringa er open er å forhandle, og at målet for dei er å få til fred.
FNs spesieltutsending til Libya, Abdul Ilah Khatib, seier at han møtte tenestemenn frå regjeringa i hovudstaden Tripoli i går for å diskutere sjansane for ei våpenkvile, for å avvikle blokaden av byane i vest og å få fram naudhjelp.