Dei planlagde terrorangrepa var i same stil som angrepa mot Mumbai i november 2008, men vart stansa av etteretningsorganisasjonar, melder Sky News.
Militante frå Pakistan ha planlagt samtidige angrep mot London og andre byar i Storbritannia, fortel utanriksredaktøren i Sky, Tim Marshall.
– Tilknytt Al Qaida
Gruppa, som skal vere knytt til Al Qaida, skal også ha hatt planar om liknande angrep i Frankrike og Tyskland.
Ifølgje Marshall var planane «avanserte, men ikkje nært føreståande». Dei skal ha likskap med angrepa mot Mumbai, der den pakistanske gruppa Lashkar-e-Tauba drap 166 menneske i ei serie angrep.
- Les også:
- Les også:
Spionsamarbeid
Etteretningorganisasjonane skal ha følgt med på planane i lengre tid. Dei siste brikkene fall på plass då etteretningsorganisasjonar i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og USA delte erfaringar.
Ifølgje Marshall skal amerikansk etteretning no ha starta å hjelpe sine europeiske allierte med å finne fram til dei som stod bak.
- Les også:
- Les også:
Marshall meiner avsløringa forklarer den store auken i angrep med førarlause fly i Pakistan dei siste vekene.
– Eg meiner ein stor del av desse angrepa er utførte mot dei som står bak desse planane, som hadde band til Al Qaida og kanskje også Taliban, seier han.
Ifølgje Marshall vart terrorangrepa stansa fordi fleire av dei som stod bak, var av dei som er drepne i desse angrepa med førarlause fly.
Video frå 26. november 2008: