Hopp til innhold

Fryktar mumbai-terror i London

Scotland Yard åtvarar bedrifter i London mot terroråtak av same stil som i Mumbai.

Terrorangrep i Mumbai
Foto: Gautam Singh / Scanpix/AP

I ei orientering som kom for 12 dagar sidan slår ein senioretterforskar fast at ”Mumbai vil kome til London”.

Åtvaringa er gitt til næringslivsleiarar, lokale styresmakter og naudetatane med råd om tiltak mot terrorisme, skriv Timesonline

Ein klar plan

179 menneske blei drepne og meir enn 300 såra på hotell og kafear i Mumbai i november 2008, og no fryktar ein det same vil skje i London.

LES: Mumbai-tiltalt trekker tilståelsen

LES: - Visste om Mumbai-angrepene

LES: Amerikaner siktet for Mumbai-massakren

Politiet seier at selskapa bør rekne med skyting, gisseltaking og improviserte eksplosjonar. Ein tryggleiksrådgjevar seier åtvaringane frå politiet er intensiverte og er blitt mykje meir konkrete dei siste fjorten dagane.

- Før har det vore spekulasjonar. No får vi det som ser ut til å vere ein klar plan for å gjennomføre eit skytevåpenåtak mot London, seier han.

Gjennomfører avlytting

Tenestemenn rapporterer om ein auke i kommunikasjon fanga opp gjennom elektronisk avlytting av ulike organ.

Tidlegare i år held politi, militære og etterretningstenester ei øving i Kent for å førebu seg på eit eventuelt terroråtak mot London.

SISTE NYTT

Siste nytt