Hopp til innhold

Mogleg militærkupp i Guinea-Bissau

Statsministeren i Guinea-Bissau, Carlos Gomez Junior, vart i dag teken til fange av soldatar, men han skal seinare ha blitt sett fri igjen.

Carlos Gomes Junior er statsminister i Guinea-Bissau

Statsminister Carlos Gomes Junior er arrestert av soldatar i Guinea-Bissau.

Foto: FRANCISCO LEONG / AFP

Dette skal ha skjedd like etter at ei gruppe soldatar tok seg inn i eit FN-kontor like ved, og tok med seg den tidlegare sjefen for marinen i landet, Bubo Na Tchuto. Han søkte tilflukt i FN-bygningen etter at han vart mistenkt for å ha leidd eit mislukka militærkupp i 2008.

Den nasjonale radioen har avbrote sendingane sine og spelar no berre militærmusikk. Dette tyder på at det er gjennomført eit militærkupp i landet.

Det portugisiske nyheitsbyrået Lusa melder at store kontingentar med soldatar no fyller gatene i hovudstaden Bissau.

Ein medarbeidar av statsministeren seier at statsministeren no er sett fri, og at han har vore i samtalar med presidenten. Han vart etterpå eskortert tilbake til statsminister-residensen.

Guinea-Bissau har ei historie full av militærkupp og politiske drap sidan landet vart sjølvstendig i 1974. I 1998 vart fleire tusen menneske drepne i borgarkrigen som rasa i landet.

Hæren tok makta i landet i 2003. I 2005 blir Joao Bernardo Vieira, som tidlegare har teke makta i eit kupp, valt til president. Han vart drepen i 2009, og sidan har det vore fleire politiske drap i det fattige landet.

NRK.no kjem tilbake med meir.

LES OGSÅ: Ministre drept i Guinea-Bissau

LES OGSÅ: Presidenten er skutt og drept

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt