11.02.2012

Nye sjokk-bilete frå Abu Ghraib

Dei nye bileta frå Abu Ghraib er sterk kost. (Foto: Reuters/Scanpix)Dei nye bileta frå Abu Ghraib er sterk kost. (Foto: Reuters/Scanpix)

Ein australsk fjernsynsstasjon har vist nye sjokkerande bilete av fangemishandling i Abu Ghraib-fengselet utanfor Bagdad i 2003.

Bileta som er viste på fjernsynsstasjonen SBS TV, kjem truleg frå same kjelde som offentleggjorde bileta i april 2004. Desse førde til at fleire amerikanske soldatar vart tiltalte for tortur og mishandling.

Det er uklart kva stoff denne mannen er innsmurd med. (Foto: Reuters/scanpix)Det er uklart kva stoff denne mannen er innsmurd med. (Foto: Reuters/scanpix)

Dei nye bileta viser drap, tortur og seksuell audmjuking, blir det sagt på SBS.

Offentleggjering av bileta er tema i ei pågåande rettssak i USA. Ein amerikansk dommar har avgjort at bileta kan publiserast, men saka er enno ikkje ferdig behandla.

Ein av videoane som vart sende på SBS-programmet Dateline viser ein mann som vart tvungen til å masturbere framfor kamera. Det blir også vist ein fange som stangar hovudet sitt mot ein vegg.

Nokre av bileta skal vere av døde fangar.

Fleire av soldatane som er med på desse nye bileta er alt dømde for forholda i amerikanske rettsinstansar, inkludert menig Lynddie England og Charles Graner, mannen den amerikanske påtalemakta trur var hovudmannen bak mishandlinga.

Ein av mange audmjukande situasjonar som er fotograferte. (Foto: Reuters/Scanpix) Ein av mange audmjukande situasjonar som er fotograferte. (Foto: Reuters/Scanpix)
Mishandlinga tek mange ulike former. (Foto: Reuters/Scanpix)Mishandlinga tek mange ulike former. (Foto: Reuters/Scanpix)

Ein talsmann for fjernsynsstasjonen SBS seier at dei har vist bileta fordi det er viktig at heile historia om mishandlinga ved Abu Ghraib-fengselet blir kjend.

Bileta går no verda rundt, og det skjer på eit tidspunkt med aukande spenning mellom muslimske land og Vesten på grunn av profetteikningane som først vart publiserte i danske Jyllands-Posten.

USAs president George W. Bush har tidlegare sagt at det som skjedde i Abu Ghraib-fengselet var ei skam for USA.

Ni amerikanske soldatar, alle med låg militær rang, er dømde for det som skjedde i Abu Ghraib, men ingen høgare offiserar har fått fengselsstraff.

Likevel har kvinna som var sjef for fengselet då mishandlinga skjedde, Janis Karpinski, blitt degradert frå general til oberst på grunn av tenesteforsømming.

Abu Ghraib-skandalen

28. april 2004: Amerikanske CBS viser dei første bileta av fangemishandlinga i fengselet.

30. april 2004: Seks amerikanske soldatar blir sikta. Tre blir sikta seinare.

6. mai 2004: President George W. Bush ber om orsaking for mishandlinga.

19. mai 2004: Den første soldaten blir dømd.

21. juli 2005: Amerikanske styresmakter går til retten for å hindre offentleggjering av nye bilete frå fengselet.

29. september 2005: Ein domstol frigir 87 bilete av mishandlinga.

15. februar 2006: Australske SBS TV viser tidlegare ikkje offentleggjorde bilete.

Audmjukinga er total. (Foto: Reuters/Scanpix)Audmjukinga er total. (Foto: Reuters/Scanpix)
Også hundar vart brukte i mishandlinga i Abu Ghraib. (Foto: Reuters/Scanpix)Også hundar vart brukte i mishandlinga i Abu Ghraib. (Foto: Reuters/Scanpix)

Lyd og video

Siste utenriksnyheter

Nyheter fra verden

NRK Butikken

Neste sending: Urix

Urix

NRK2, mandag 13.2. kl. 22.10 | Legg i kalender[?]

Utenriksmagasin med intervjuer, reportasjer og kommentarer. Programleder: Christian Borch

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/urix.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: urix@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Neste sending: Verden på lørdag

Verden på lørdag

NRK P2, lørdag 11.2. kl. 11.03 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/verden_paa_loerdag.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: vpl@nrk.no

Telefon: 23048000

NRK Nyheter, 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.