Hopp til innhold

Rumensk kjøtindustri føler seg uthengd i hestekjøt-skandalen

Etter ei veke med skuldingar vart dei rumenske slakteria reinvaska av franske styremakter. Men skaden har allereie skjedd for den rumenske kjøtindustrien.

ROMANIA-BRITAIN-FRANCE-MEAT

Direktør for det rumenske slakteriet Doly-Com, Iulian Cazacut, forklarar internasjonal presse forskjellen mellom okse og hest.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

Sorin Minea

Sorin Minea meiner medlemmene hans har blitt svært dårleg behandla av sine europeiske naboar.

– Vi føler oss ikkje som ein del av den Europeiske familien, sa leiaren for den rumenske matindustriorganisasjonen, Sorin Minea.

Den franske forbrukarministeren Benoit Hamon slo torsdag fast at det rumenske hestekjøtet som var sendt til Frankrike var merka riktig. Og Hamon sa han hadde bevis for at den franske produsenten Spanghero hadde juksa.

Men då hadde rumenske slakteri vore utpeika i europeiske medier i ei veke. Spesielt frå britiske medier og politikarar har det kome harde skuldingane og krav om forbod mot rumensk kjøt.

Rumenske slakteri utpeika i britiske medier

Tabloidavisa The Sun publiserte ein artikkel der dei meinte hestekjøtet kom frå villhestar frå Donau-deltaet. Avisa hevda hestane hadde hesteaids og at dei var kraftig mishandla før dei enda opp i ferdigmaten.

Rumenske styremakter prøvde så godt dei kunne å avvise skuldingane, utan å lykkast. I staden auka det på med skuldingar.

I The Mail Online blir det avslørt at hestekjøtet kjem frå byen Botosani på grensa til Ukraina.

Slakteriet har til og med bilde av ein hest på logoen. Eit soleklart bevis.

Sjølv seriøse aviser som The Independent og Daily Telegraph kasta seg på med nye avsløringar frå Romania.

Det var esel i hestematen frå Romania, skreiv The Independent.

The Daily Telegraph illustrerte si Romania-avsløring med eit stereotypt motiv: Ei overlessa hestekjerre.

– Utpeika til syndebukk

Den rumenske landbrukskommissæren Dacian Ciolos var tidleg ute og hevda at Romania var blitt utpeika til syndebukk. Han viste til at dette var ei matskandale med mange aktørar som skulda på kvarandre.

– Eit uskuldig medlemsland i EU burde ikkje bli hengt ut med spekulasjonar og utsegner, berre fordi dette medlemslandet har eit bestemt omdømme.

No viser etterforsking at noko av hestekjøtet som vart oppdaga i Storbritannia, stammar frå eit slakteri i Yorkshire. Tre personar er arrestert.

HORSEMEAT-ROMANIA

Slakteriet Doly-Com ligg utanfor byen Botosani på grensa til Ukraina. Det er eitt av to slakteri i Romania som har løyve til å eksportere hestekjøt til EU.

Foto: BOGDAN CRISTEL / Reuters

Bensin på det engelsk-rumenske bålet

Men hestekjøtskandalen har forverra eit allereie anstrengt forhold mellom Romania og Storbritannia. Landa kranglar allereie om ein britisk kampanje som skulle skremme rumenske gjestearbeidarar frå å kome til Storbritannia.

Til neste år går overgangsordninga som gjer at rumenarar må søke arbeidsløyve ut. Då kan rumenarar fritt kome til dei britiske øyane og arbeide utan å måtte bruke fleire månader på papirarbeid.

Mange rumenarar føler seg uthengde av kampanjen. Det berre toppa seg med skuldingane i kjølvatnet av hestekjøtskandalen.

Og bransjetalsmann Sorin Minea viste tydeleg at frustrasjon mot Storbritannia stikk djupt då han kommenterte hestekjøtskandalen:

– Romania er eit lite og stygt land, men vi respekterte dei europeiske lovene. Det gjorde dei ikkje i Storbritannia.

Tilbakeslag for rumensk landbruk

Og sjølv om kritikken mot Romania har stilna, hevdar styremaktene det har skada landbrukssektoren.

Den rumenske statsministeren Victor Ponta seier «hestekjøtskandalen» er eit hardt slag mot eit landbruk som strevar med å kome seg på beina igjen etter ei øydeleggjande tørke i fjor sommar.

Romania har i lengre tid prøvd å bygge seg opp som ein leiande aktør innan slakteribransjen. Landet har god infrastruktur og tilgang på arbeidskraft, og ligg strategisk plassert nær den europeiske marknaden.

Romania har også ein stort intern marknad. Norske Orkla har fleire næringsmiddelfabrikkar i Romania, som har nok med å produsere til den lokale marknaden.

SISTE NYTT

Siste nytt