Hopp til innhold

– Kinderegget er snart vekke frå det norske språket uansett

Språkmann Sylfest Lomheim meiner Kinderegget har vore ein kjempesuksess ved å bli eit omgrep i det norske språket. Men han trur ordet er på veg ut, uavhengig om det blir forbode eller ikkje.

Sylfest Lomheim og Kinderegg

– Eg vil ikkje seie at det er noko stort tap om Kinderegget blir borte, seier språkprofessor Sylfest Lomheim.

Foto: NTB Scanpix / Wikimedia Commons

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vurderer å forby produkt som marknadsfører seg mot born – noko som kan føre til at Kinderegget vert forbode.

Det kjende godteriet har hatt ein stor innverknad på fleire generasjon norsk born sidan det vart innført på 70-talet. Ikkje minst så har det skapt eit nytt omgrep i det norske språket.

– Ganske unikt

– Dette må jo vere ein produktsuksess av dimensjonar, sidan namnet på produktet har vore eit allment ord. Kinderegget har fått ein utvida bruk utover produktet og vara som er ganske unik, seier språkprofessor Sylfest Lomheim til NRK.no.

– Når til og med eg kjenner til godteriet så må det bety at dei har hatt stor suksess, ler Lomheim som legg til at han personleg ikkje ser på det som eit stort tap at Kinderegget kan bli forbode i Noreg.

Lomheim seier det finst andre kommersielle namn som har blitt del av det norske språket, men ikkje i så stor suksess som Kinderegget. Han nemner blant anna eit amerikansk meiningsmålingsfirma.

– Gallup er eit eksempel, som betyr det same som meiningsmåling. Men det er nok ikkje like stor suksess som Kinderegget, seier den tidlegare direktøren for Språkrådet.

Svært variert bruk

Eit raskt blant i NRK.no sine nettartiklar, viser at omgrepet Kinderegg vert nytta i svært ulike settingar.

«Festkonserten ga smaksprøver som viste at Kilden er et unikt Kinderegg.» skriv kulturmeldar Ragnhild Veire om Kristiansand sitt nye kulturhus.

Skildring av ein båt: «'Njord' er konstruert slik at den ikke bryter gjennom bølgene, men vil flyte oppå som et kinderegg.»

Om VM i ski: «Ski-VM har sitt eget kinderegg: tre løypebiter som vil avgjøre sprintens gullduell.»

Uavhengig av om Kinderegget vil forsvinne frå norske butikkhyller eller ikkje, trur Lomheim at det er eit omgrep som er på veg ut.

– Dei fleste omgrep har ei kort eller lang levetid. Eg vil tippe at omgrepet Kinderegg er på veg ut over ein horisont på 10 til 20 år. Det er min intuisjon. Ingen tre veks inn i himmelen.

AKTUELT NÅ