Den overgrepstiltalte Ap-ordføraren i Vågå søker om permisjon frå vervet fram til Sør-Gudbrandsdal tingrett har avslutta behandlinga av saka mot han.
Søknaden om permisjon omfattar alle verv han har som ordførar.
LES:
LES:
Ordføraren er sjukmeldt, og det er varaordføraren som har teke over ansvaret medan Øygard er borte. Han har meir eller mindre vore sjukmeldt sidan han blei meldt for overgrepet i fjor haust.
I mellomtida har han arbeidd i ei 20-prosentsstilling for kommunen der han behandlar næringssaker.
Øygard vil bruke tida fram til rettssaka på å førebu forsvaret i saka, heiter det i ei pressemelding frå advokaten hans.
BAKGRUNN: Øygard-saken
Av omsyn til kommunen
I ei pressemelding frå advokaten hans står det at Øygard søker permisjon av omsyn til kommunen.
Dette gjer han fordi han ser at det vil ta tid før saka blir avslutta.
Øygard har heile tida hevda at han har vore uskuldig. På ei pressekonferanse i november sa han at han ikkje vil vere ordførar så lenge han er sikta for overgrepet.
– Ordførarvervet er så krevjande at det er umogleg å gå inn i det med delvis styrke og energi og heilt umogleg med dette hengande over meg, sa Øygard på pressekonferansen.
LES:
LES:
Tiltalt for overgrep mot 13-åring
Han ønskjer å skape mest mogleg ro, ikkje minst for bygda og bygdefolket, og ønskjer å takke for støtta han har fått frå nærmiljøet, heiter det i pressemeldinga.
LES:
AP-ordføraren i Vågå er tiltalt for seksuell omgang med ei mindreårig jente.
Det første overgrept skal ha skjedd då jenta var under 14 år, ifølgje tiltalen frå Hedmark og Oppland statsadvokatembeter.
Det er opp til kommunestyret i Vågå å ta stilling til permisjonssøknaden.