Hopp til innhold

- Solid fallskjerm til Gelius

Den kontroversielle soknepresten Einar Gelius får ein solid sluttpakke etter at han i går blei pressa til å seia opp si stilling i Vålerenga kyrkjelyd.

Einar Gelius sa opp stillinga som sokneprest

Einar Gelius avslutta onsdag ein hektisk dag med bekjente på Vålerenga vertshus, etter at han på ettermiddagen stadfesta å ha sagt opp si stilling som sokneprest i Vålerenga kyrkjelyd i Oslo.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Det har vore full storm rundt soknepresten Gelius den siste tida. I går blei det klart at han har sagt opp jobben som sokneprest i Vålerenga kykjelyd i Oslo.

– Kritiske utspel mot min person med skildringar som klovn, bajas og «pervoprest» frå mange menneske eg ikkje kjenner. Pressa si jakt på borna mine og den 82 år gamle mor mi for å få dei i tale. Eg såg at familien vart råka. Eg orka ikkje meir, fortel Gelius til Dagbladet.

Biskop Ole Christian Kvarme har friteke Gelius frå sitt ansvar og sine arbeidsoppgåver fram til han formelt går av 1. juli.

I tillegg skal Gelius ha fått ein raus sluttpakke som plaster på såret på veg ut frå Den norske kyrkja.

Kvarme vil sikra Gelius ny start

Den omstridde presten får ifølgje VG full løn ut heile 2011 - til saman i meir enn 13 månader. Avisa anslår at ei årsløn truleg er verd kring 400.000 kroner.

– Det er viktig for oss å gje Gelius ein god mogelegheit til å orientera seg på ny, seier biskop Kvarme til avisa.

Kvarme står fast ved at oppseiingssaka med Gelius er ei personalsak, og vil ikkje gå inn på detaljar kring kva som har gjort at Gelius slutta.

– Me er nøgde

Presteboligen i Vålerenga kirke

Prestebustaden i Vålerenga kyrkje.

Foto: Helge Carlsen / NRK

I og med at Gelius er fristilt frå prestestillinga, kan han i tillegg tene pengar på andre prosjekt. Han får også bu gratis i prestebustaden fram til 1.juli neste år.

– Me er nøgde, seier advokaten til Gelius, Sigurd Klomsæt til VG.

På ein pressekonferanse onsdag, gjekk Gelius hardt ut mot konformitetspresset i Den norske kyrkja, og måten biskop Kvarme har behandla konflikten.

– Rådet i Vålerenga kyrkjelyd har ikkje blitt inkludert i denne prosessen. Det er alvorleg og seier sitt om maktprosessen i Den norske kyrkja, sa Gelius.

Brev med skuldingar

NRK.no har tidlegare publisert brev frå biskopen som viser skuldingane mot Gelius.

I brevet står det blant anna at Gelius fleire gonger har opptredd «i strid med de ordninger som er fastsatt for utøvelsen av prestetjenesten i Den norske kirke»

Biskop Kvarme har tidlegare vedgått at den siste boka til Gelius, «Sex i Bibelen» har vore ein viktig årsak til striden som i går førte til at Gelius sa opp si stilling som sokneprest i Den norske kyrkja.

Video Pressekonferanse med Einar Gelius

VIDEO: Pressekonferanse med Einar Gelius der han stadfestar at han har sagt opp stillinga som sokneprest i Vålerenga kyrkjelyd.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger