Hopp til innhold

Fakta om anarkismen

Den anarkistiske ideologien vil oppheve staten og alle dei statlege maktorgana.

Anarkist
Foto: Morten Quist Hommersand

Det er ein sosial og politisk teori som hevdar individet sin rett til uinnskrenka sjølvstende, økonomisk, sosialt og politisk.

Anarkismen kjempar mot alle formar for herredøme over andre menneske.

Anarkismen vil oppheve staten og alle maktorgana, og vil organisasere samfunnet gjennom friviljuge samanslutningar av individ.

Dei første tankane som kan minne om anarkisme dukka opp hos stoikarar og gnostikarar i oldtida, hos kristne mystikarar i middelalderen, under bondeopprøret i England i 1381, hos gjendøyparane i Tyskland rundt 1530 og hos dei ytterleggåande Levellers i England cirka 1650.

Men det var først med kapitalismen sitt gjennombrot på slutten av 1700-talet at anarkismen vart utforma til ei systematisk lære.

Det vart gjort av William Godwin i "Enquiry Concerning Political Justice" i 1793. Her vart kravet om å avskaffe staten sett fram.

Tyske Max Stimer, pseudonym for Kaspar Schmidt, utforma i 1844 læra om egoet sin absolutte suverenitet.

Anarkismen vart politisk viktig gjennom strøymingar i arbeidarrørsla, og her var det først franske P.J. Proudhon som først utforma eit politisk program.

I 1860-åra utforma den russiske revolusjonære Mikhail Bakunin Proudhon si lære vidare, og gav denne eit meir aggressivt preg.

Karl Marx var ein sterk motstandar av læra desse stod for, og kampen mellom Marx og Bakunin splitta det internasjonale arbeidarforbundet.

Anarkismen har vore viktig politisk først og fremst i Spania og Sør-Amerika.

I Noreg var det forfattaren Hans Jæger, kjend frå Kristianiabohemen, som gjorde anarkismen som ideologi kjend gjennom boka "Anarkiets bibel" i 1906. Men anarkismen fekk aldri skikkeleg fotfeste her i landet.

Her i landet er anarkistisk tankegods i moderne tid først og fremst spreidd gjennom Gateavisa og miljøet i Hjelmsgate 3 i Oslo på -70- og 80-talet.

Kjende personar frå dette miljøet er blant andre forfattaren Syphillia Morgenstierne (Mari Toft) og redaktøren og forfatteren Christian Vennerød.

Det er også ein del som kallar seg for anarkistar i Blitz-miljøet i Oslo.

Høyr: Er ideologiane døde i Verdibørsen

Høyr meir om anarkismen i Verdibørsen

AKTUELT NÅ