Hopp til innhold

Frp-ar inn i Mållagsstyret

Helge-Andre Njåstad, som er Frp-ordførar i Austevoll, er vald inn i styret i Noregs Mållag.

Helge Andre Njåstad
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Reza Rrezaee, som er SV-representant i Oslo, er også innvald i styret. Hege Myklebust held fram som leiar i Mållaget.

- Det er svært gledeleg at både Njåstad og Rezaee er sagt seg viljuge til å fjere ein innsats for Noregs Mållag. Dei representerer kvar sin ende av den politiske skalaen og syner mangfaldet i Mållaget, seier Hege Myklebust.

- Felles for oss alle er kravet om at nynorsk skal sleppe til over alt, og at det språklege diskrimineringa i Noreg ikkje kan halde fram, legg ho til.

 

AKTUELT NÅ