Hopp til innhold

Tørum: – Kunne ha vore endå betre

Start-trenar Knut Tørum var strålande nøgd etter 5-1 sigeren mot Strømsgodset, men meiner laget kunne ha vore endå betre.

Start-spillerne jubler

MÅL: Start-spelarane jublar for scoring mot Strømsgodset.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Knut Tørum

Knut Tørum

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Det var solid og bra og det var flotte mål. Vi kunne kanskje ha vore endå betre, men det var ein gøyal start på ein lang sesong på Sør Arena, seier Tørum til NRK.no.

Raudt kort

Det var ein dramatisk kamp mellom dei to laga i Kristiansand. Allereie etter åtte minutt fekk keeper Adam Larsen Kwarasay eit omdiskutert raudt kort og det vart dømt straffe til Start.

– Det pregar kampen i stor grad. Dei har eit veldig offensivt lag, og må heller leggje seg bakpå og prøve å forsvare seg. Dei må setje inn ein ung keeper som kanskje ikkje hadde sett føre seg å debutere så tidleg i eliteserien, seier Tørum.

– Når dommaren først bles tykkjer eg det er rett å gi raudt kort. Viss ikkje er den regelen bortkasta. Han må gi det raude når han først bles, seier Tørum.Årst scora, og derifrå og ut cruisa Start inn til tre poeng i heimedebuten.

Strømsgodset har, ifølgje trenar Ronny Deila, bestemt seg for å leggje inn protest på det raude kortet. Laget håpar på at førstekeeperen skal sleppe å sone straff.

Adam Larsen Kwarasey takler Espen Hoff

RAUDT? Adam Larsen Kwarasey taklar Espen Hoff og blir utvist.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Tettar igjen bak

I fjor var Start blant laga som sleppte inn flest mål i eliteserien. I år har laget terpa spesielt på forsvarsspel. Det ser ut til å gi resultat då laget kun har sluppe inn eitt mål på dei to første kampane.

– Vi er blitt flinkare i soneforsvar, forholde oss til kvarandre og gløyme løpa til dei andre. Det gir oss kortare avstandar slik at vi kjem raskare opp i press, seier han.

– Der vi gjorde feilval i fjor, gjer vi rett val i år. Det er skjeldan dei andre kjem heilt upressa gjennom på keeperen vår. Vi har få målsjansar imot og få mål imot. Så får vi håpe det held fram slik, seier Tørum.

Med to sigrar på dei to første kampane toppar Start eliteserietabellen.

– Det er hyggeleg det. Så får vi håpe det varer til første søndagen i advent også, smiler Tørum.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %