Hopp til innhold

Start cruisar mot eliteserien

Start hadde ingen problem med å slå Alta i den 13. serierunden. Med sin sjette heimesiger sikra laget ei luke på fem poeng ned til Sarpsborg 08 på kvalifiseringsplass.

Glenn Andersen scorer mot Alta

SCORING: Her sender Glenn Andersen gultrøyene i leiinga 1-0 i første omgang.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

– Det var ein solid kamp. Dei skapar ikkje mykje, men vi har banespelet. Vi produserer kanskje ikkje allverden i første omgang, men vi scorar fire mål når det har gått 90 minutt. Det er vi godt nøgde med, seier kaptein Glenn Andersen til NRK.no.

Start tok kommandoen får første spark heime på Sør Arena. Espen Børufsen var nær ved å gi sørlendingane leiinga etter ti minutt då han drog til frå 15 meter, men ballen gjekk til side for mål.

Fem minutt seinare fekk dei gule og svarte hol på byllen. Det var kaptein Glenn Andersen som sende serieleiaren i leiinga 1-0.

Dette var Andersen si andre scoring denne sesongen.

Nouri i tverra

Etter scoringa kom Alta meir med i kampen, men laget kom aldri til dei store sjansane.

Fem minutt før pause var heimelaget frampå. Amin Nouri kom rundt på kanten, men skotet gjekk i tverrliggjaren. Dermed gjekk laga til pause med 1-0 til serieleiaren.

Det var heimelaget som kom best i gang i andre omgang. Ti minutt ut i omgangen peika dommaren på straffemerket. Toppscorar i 1. divisjon, Matthias Vilhjalmsson, gjorde ingen feil frå 11-meteren og sørga for 2-0.

Start-scoring

START-JUBEL: Sørlendingane kunne juble for sin sjette heimesiger denne sesongen.

Foto: Håvard Raustøl/NRK

Dobbel Vilhjalmsson

Halvtimen før slutt kom angriparen Espen Hoff på bana. Hoff har slite med ein skade i lengre tid.

Dette var islendingen sin niande fulltreffar denne sesongen.

Start heldt fram med å presse laget frå nord. 20 minutt før slutt punkterte Matthias Vilhjalmsson kampen då han la på til 3-0. Dette var altså spissen si tiande scoring denne sesongen.

Tre minutt før slutt fastsette Espen Hoff resultatet til 4-0, då han drog til frå distanse.

Stø kurs

Dermed toppar Start framleis 1. divisjon. Laget ligg fem poeng føre Sarpsborg 08 på kvalifiseringsplass. Start-trenar Mons Ivar Mjelde er med på at det ser meget lyst ut med tanke på retur til eliteserien for sørlendingane.

– Det er opp til oss sjølve. Vi må gjere jobben sjølv. Det er ingen letter kampar i 1. divisjon. Vi må produsere det vi gjer i dag kvar gang, då levere moglegheita for tre poeng i kvar kamp, seier Mjelde.

Kampfakta:
Start - Alta 4-0 (1-0)
Sør Arena, 4245 tilskodarar

1-0 Glenn Andersen (15)
2-0 Matthias Vilhjalmsson (55)
3-0 Matthias Vilhjalmsson (70)
4-0 Espen Hoff (90)

Gule kort: Trond Fredrik Ludvigsen (Alta), Espen Børufsen (Start)

Start (4-4-2): Alexander Lund Hansen - Gudmundur Kristjánson, Glenn Andersen, Jesper Mathisen, Amin Nouri - Ernest Asante, Espen Søgård (Sondre Tronstad inn 61.), Solomon Owello, Espen Børufsen - Matthias Vilhjalmsson, Dardan Dreshaj (Espen Hoff inn 61.)

Alta (4-3-3): Lukasz Jarosinski - Børge Josefsen, Mate Dujilo, Martin Overvik, Martin Norbye - Håvard Nome, Christian Reginiussen (Håkon Berg inn 87.), Alexander Tolk Solberg Mihkku Måsø inn 73.) - Magnus Nikolaisen, Rune Ertsås (Dag Andreas Balto inn 73.), Trond Fredrik Ludvigsen

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %