Fellingsløyva gjekk ut i september og vart ikkje fornya. No er det dokumentert at ulven har drepe sauer lengre vest i Agder.
- LES OGSÅ: Nye sauedrap i indre Agder
Fem nye sauer tekne
– No har den dukka opp lengre vest i fylket, der sauen går lenger ute, seier vilforvaltar hos fylkesmannen, Tor Punsvik til NRK.no.
Bakgrunnen for at fellingsløyva vert gitt på nytt er at fem sauer vart tekne av ulven på Hidreskog i Kvinesdal nyleg. Løyva gjeld ut månaden.
Skaut etter ulven
- LES OGSÅ: Så ulven jage sau
Men det er lenge sidan ulven er obeservert av skadefellingslaget i Vest-Agder.
– Vi hadde ein sjans tildleg i haust. Den dukka opp, det vart losna eit skot, men i den situasjonen fekk dei den ikkje, seier Punsvik.