Hopp til innhold

Nye sauedrap i indre Agder

Ulven som har teke sau og lam i indre Agder den siste tida flyttar seg raskt. No har den slått til igjen. Tilsaman seks dyr er drepne eller skada det siste døgnet.

Video Ulven herjer

Se video fra sauebonden som fant sauene sine revet i filler av ulven.

– Vi veit aldri heilt sikkert, men vi trur det er kun eitt dyr i dette området, seier rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn, John Erling Skåtan til NRK.no.

LES OGSÅ: Trolig to ulver på ferde
LES OGSÅ: Fekk fellingsløyve på ulv

Fellingslag ute i natt

Han trur ulven bevegar seg i områda Evje og Hornnes, Åseral, ned mot Marnardal og kanskje mot Vennesla.

– Vi har registrert ulv sidan 10. juli, og det verkar som om den er her framleis. Så får vi sjå om den har tenkt å slå seg ned eller om den har tenkt til å vandre vidare. Det er ikkje godt å seie, seier han.

LES OGSÅ: Klagar på fellingsløyve
LES OGSÅ: Sau drept av ulv

Eit fellingslag har vore ute i natt for å prøve å lokalisere ulven. Så langt er det funne tre drepne og tre skadde sauer og lam.

Overskotsdreping

– Når desse store rovdyra kjem til enkle byttedyr, som sauen er, har dei lett for å drepe meir enn dei treng. Vanlegvis har dei ein kamp for tilværelsen. Men når dei kjem til enkle ting, får vi overskotsdreping. Dei drep og skadar meir enn dei eigentleg treng, seier Skåtan.

Fellingslag er i dag ute for å prøve å finne ulven. Det er ei vanskeleg oppgåve.

LES OGSÅ: Får ikke fell ulv selv

– Vi har ikkje moglegheit til å spore den. Vi må vere i området der vi trur han er. Så det er vanskeleg, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %