– Vi spelar ein kjempekamp, den beste så langt i år. Så dette var jævli surt, seier trenar i Amazon Grimstad, Gaute Haugenes til NRK.
Røa tok leiinga fem minutt før pause ved Siri Nordby. Aamazon hadde fleire sjansar gjennom kampen til å utlikne.
Men i staden var det Røa som punkterte kampen på overtid. Emilie Haavi sørga for 2-0 siger til The Dynamite Girls.
– Vi må setje sjansane våre, og dei hadde vi nok av i dag. Men uansett hjelper det på sjølvtilliten å levere ein god kamp mot eit så godt lag, seier han.
Laget klarte dermed ikkje å følgje opp sigeren mot Donn i førre serierunde.