Hopp til innhold

Oilers blei rundspelt i første finalekamp

Stavanger Oilers blei rundspelt og tapte første NM-finale 5–1 i Jordal Amfi.

Martin Strandfeldt

Bilete av Martin Strandfeldt er frå ein tidlegare kamp i sesongen.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Oilers gjekk på ein real smell i første finalekamp i NM-sluttspelet.

Vålerenga vann kampen 5–1 og har med det eit forsprang i kampen om NM-tittelen der det blir spelt best av sju kampar.

Petter Røste Fossen skåra Oilers sitt trøystemål.

Neste kamp blir spelt på torsdag.