Det er Norwegian Defense League (NDL) og Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) som skal demonstrera utanfor Oljemuseet i Stavanger laurdag.
Fleire politiske organisasjonar stiller opp til motdemonstrasjon. Til saman kan det bli fleire tusen demonstrantar i oljehovudstaden i helga.
Politiet i Stavanger har vurdert trugselen den komande laurdagen, og tar høgde for at det kan bli opptøyar.
– Me trur det blir to ryddige og rolege demonstrasjonar, men har planlagt ut frå at det kan bli bråk. Derfor kjem politiet til å vera synleg til stades denne dagen, seier konstituert politimeister i Rogaland politidistrikt, Leif Ole Topnes.
(Artikkelen held fram under videoen)
Vurdert ut frå Århus-bråk
I det førebyggande arbeidet har Stavanger-politiet bede om råd frå Oslo politidistrikt som har mykje erfaring med demonstrasjonar.
– Beredskapen vår er god, og eg trur me har det som skal til får å ta vare på tryggleiken, seier Topnes.
Erfaringar frå blant anna Århus i Danmark viser at det kan bli opptøyar når høgreradikale grupperingar samlast.
I slutten av mars i år blei det
Minst 80 personar blei arresterte av politiet.Topnes seier at dei har sett på det som skjedde i Danmark, og planlagt ut frå at noko liknande kan skje i Stavanger.
Demonstrasjonane til helga skulle etter planen skjedd pinseaftan, 26. mai. Men
og utsette det ein månad på grunn av liten kapasitet denne dagen.– Islam er vondskap
Kjersti Margrethe Gilje sit i landsstyret til NDL og er fylkesleiar i SIAN. Ho fryktar opptøyar, men seier deomstrasjonane er nødvendige.
– Islam er vondskap og islamistane kjem til å overta landet vårt. Dette må me bekjempa, seier ho.
Ho seier det er venta 3–400 demonstrantar berre frå SIAN laurdag.
– Dersom me ikkje demonstrerer på denne måten, blir me ikkje høyrde. Folk må vakna opp, seier ho.
Blir nesten flau
Ein av initiativtakarane til motdemonstrasjonane er Truls Drageset Dydland i partiet Raudt. Han likar haldningane til SIAN svært dårleg
– Dette er skumle haldningar. Eg blir nesten litt flau, seier han.
Han fryktar ikkje opptøyar til helga.
– Stavanger er ein antirasistisk by og me er glade i det kulturelle mangfaldet. Eg trur ikkje det blir bråk, sjølv om det blir motdemonstrasjonar, seier han.