Hopp til innhold

Tyske vegar blokkerte av traktorar: – Bøndene er forbanna

Isabelle (26) er ein av fleire tusen tyske bønder som protesterer mot si eiga regjering. Fleire ekspertar og leiande politikarar åtvarar no mot at protestane kan bli kuppa av høgre-ekstreme grupper.

Tyske bønder fyrte forrige veke opp traktorar og lastebilar i protest mot regjeringa deira sine forslag om subsidiekutt i landbruket.

Kolonnane deira har samla seg på vegar i nesten alle dei 16 tyske delstatane. Dei blokkerte vegar og motorvegar, inkludert fleire grenseovergangar til Frankrike.

Dei stakk også kjeppar i hjula for bedrifter, mellom anna Volkswagen, som måtte stanse produksjonen i ein fabrikk, ifølge Reuters.

Protester nær Brandenburger Tor i Berlin, mandag 15. januar

Velkjente Brandenburger Tor er mandag formiddag stappfull av demonstrantar.

Foto: Liesa Johannssen / Reuters

Det er venta at protestane når nye høgder måndag. Ei folkemengd med over 10.000 menneske - og traktorane deira - er på veg til hovudstaden, skriv CNN.

Regjeringa har allereie droppa nokre av dei planlagde kutta. Men landbruksorganisasjonen DBV krev at alle endringane blir skrota.

– Protestane er ikkje berre om subsidiekuttet, det handlar om så mykje meir, seier den tyske bonden Isabelle Hielscher (26) til NRK.

Den tyske bonde Isabelle Hielscher protesterer mot subsidiekutt i Tyskland 9. januar.

Den tyske bonden Isabelle Hielscher protesterer mot subsidiekutt i Tyskland 9. januar.

Foto: Privat

Den unge bonden har vakse opp på ein gard mellom Køln og Düsseldorf, og har vore kubonde sidan 2019. Ho meiner regjeringa har innført fleire lovar og restriksjonar som gjer det vanskelegare å vera bonde i Tyskland.

– Me må gjera meir og meir, men for mindre pengar, seier Hielscher.

Økonomisk knipe

– Bøndene er rett og slett forbanna, seier Kate Hansen Bundt.

Ho er statsvitar og generalsekretær for den norske Atlanterhavskomiteen.

– Det har blitt dyrare å vere bonde. Kombinert med at auka energiprisar, renter og høg inflasjon har gjort det generelt dyrare å leve i Tyskland, som i fleire andre europeiske land, seier Bundt.

Regjeringa deira står i ein vanskeleg posisjon, fortel Bundt.

– Etter to år med pandemi, etterfølgd av to år med krig i Ukraina. Tyskarane har også fått merke dyrtida og brotne forventningar til framtida. Det er ei allmenn misnøye med den sitjande regjeringa til Olaf Scholz. Dei har tapt mykje i oppslutning.

Samtidig er det splitting internt i den tyske trepartiregjeringa. Fridemokratane (FDP) ønskjer eit meir balansert budsjett. Men Dei grøne og Sosialdemokratane (SPD) har fleire kostbare kjernesaker, som klima og sosialpolitikk.

Kate Hansen Bundt

Kate Hansen Bundt

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ein dom frå tysk høgsterett skapte også eit budsjetthol på 60 milliardar euro. Fordi regjeringa ikkje fekk lov til å omdisponere midlar frå eit koronalån til ulike miljøvernprogram.

– Det fører naturleg nok til kutt andre stader. Tyskland er også det europeiske landet som har støtta Ukraina mest etter at krigen braut ut. Landet har den største økonomien i Europa, men er det einaste som no er inne i ein periode med resesjon, seier Bundt.

Får støtte frå høgre-ekstreme

Fleire høgre-ekstreme aktivistar og personar frå andre politiske rørsler har allereie stilt seg bak protestane.

Det ytre-høgre partiet Alternativ for Tyskland (AfD) har uttrykt solidaritet med bøndene. Dei har også kome med verbale angrep mot den sitjande regjeringa.

Mellom anna har leiaren i partiet i delstaten ThüringenF, Björn Höcke, oppmoda innbyggjarar til å delta i protestane. Og det trass i at ADF i sitt eige partiprogram tek til orde for avskaffing av tilskot til bønder, skriv Deutche Welle.

Bayerns økonomiminister Hubert Aiwanger avbildet med rake i hånden i München 8. januar.

Bayerns økonomiminister Hubert Aiwanger avbildet med rake i handa i München 8. januar.

Foto: REUTERS/Leo Simon / NTB

Fleire ministrar fryktar at landbruksprotestane kan bli utnytta av høgreekstreme. Visekanslar Robert Habeck er blant dei som har åtvara bøndene.

Den unge bonden Hielscher seier ho og bøndene ho protesterer med tar full avstand frå dei høgreekstreme aktivistane.

– Alle bøndene har plakatar på traktorane som seier at landbruk er fargerik, ikkje brun, som er fargen til ytre-høgre partia. Det er veldig viktig å distansera seg frå dei folka, fordi me overtalar ikkje med aggresjon, men argument, seier Hielscher.

Drar nytte av misnøye

Til hausten er det tre viktige delstatsval i statar kor AfD gjer det veldig bra på målingane.

Syn og Segn-redaktør Astrid Sverresdatter Dypvik har skrive fleire bøker om tysk politikk. Ho meiner AfD utnyttar frustrasjonen til bøndene for å få auka oppslutning.

– Dei spreier den kjensla av at regjeringa ikkje får til det som er viktig for dei. Og dei står fram som ei viktig rørsle, ved at dei er til stades i sakene som vekkjer engasjement.

Traktorer på rekke og rad i München 8. januar.

Traktorar på rekke og rad i München 8. januar.

Foto: REUTERS/Leo Simon / NTB

Bonden Hielscher seier ho ikkje føler at bøndene blir tatt seriøst.

– Nokon politikarar har hatt korte talar, men vår forbundskanslar Olaf Scholz seier ingenting. Det er som eit slag i ansiktet, seier 26-åringen.

Dypvik seier partiet på same vis har vore synlege i protestar mot auka energiprisar. Og meiner at denne strategien har fungert. På tyske målingar har partiet lege jamt over 20 prosent sidan sommaren.

Kan det vera at dei faktisk er opptekne av interessene til bøndene?

– Ein kan aldri gje ytre høgre berre éin dagsorden. Dei har vel sjølv lite gjennomarbeidd landbrukspolitikk. Men dei ønskjer ikkje at bønder skal ha «grøne» krav på seg.

Ifølgje Dypvik er det ikkje berre regjeringskritikk som motiverer partiet.

– Landbruksministeren Cem Özdemir er frå ein tyrkisk familie og kjem frå partiet Dei grøne. Det gjer han til eit klart hatobjekt for dei. Å bruka han som skyteskive er eit eige poeng for ytre høgre.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.