Av:
- Du føler deg så totalt hjelpelaus, seier Steinar Lyse om forseinkingane og kanselleringane i flytrafikken. Han likar dårleg å måtta sei nei til oppdrag og komma for seint til oppdrag, fordi flya ikkje går når dei skal.
I går fortalte NRK at Næringslivets Hovudorganisasjon rasar mot Avinor, fordi dei taper pengar. I følge Steinar Lyse er dette også eit stort problem for underhaldningsbransjen, som er avhengig av at artistar kjem fram i tide.
Ei rundspørjing NRK Rogaland har gjort viser at det er få framsyningar som har blitt avlyste på grunn av problem med flytrafikken, men det har vore nære på.
Reiser dagen før
Ole Petter Søllesvik er dagleg leiar av Kulturkompaniet, ein av dei største formidlarane av artistar i regionen. Han stadfestar at forseinkingane i flytrafikken er eit problem dei har måtta innretta seg etter.
- Tidleg i haust såg vi at dette kom til å bli eit problem, derfor har vi ofte bede artistane og foredragshaldarane reisa tidlegare og ha marginar, seier Søllesvik.