Hopp til innhold

Lokalpolitikar ønskte Stoltenberg "til himmels"

"Det var noe dritt at ikke hoffnarren fløy til himmels". Slik kommenterte Frp-politikar i Frøya bombeattentatet i Oslo førre fredag.

Skjermdump Facebook

- EIT INNFALL: Slik forklarer Henry Stav denne Facebook-oppdateringa som han la ut under ein time etter eksplosjonen i regjeringskvartalet.

Foto: Skjermdump

Kommentaren kom på Facebook vel ein halv time etter eksplosjonen førre fredag, skriv avisa Hitra-Frøya .

– Eg meinte det ikkje bokstaveleg, seier Henry Stav til avisa. Han står som nummer 21 på lista til Framstegspartiet i Frøya til kommunevalet i haust.

Saman med kommentaren lenka Stav til TV2 si nyheitssak om bombeattentatet. I den artikkelen kom det mellom anna fram at statsminister Jens Stoltenberg var trygg.

– Berre eit innfall

– Det var det fyrste eg skreiv, i eit innfall, seier Stav.

Likevel fortel han avisa at han meiner Stoltenberg kunne hatt godt av "ein tur til himmels og nokre runder rundt jorda".

Til avisa stadfestar han at det er snakk om Stoltenberg, og at han ikkje er Frp-politikaren "sin type". Men han seier han ikkje ville at statsministeren skulle miste livet.

– Det var berre eit innfall der og då, før nokon visste kven som stod bak. Men det er jo ingen som vil at det skal gå liv, seier politikaren.

Til NRK seier Stav at dette var eit resultat av frustrasjon i augneblinken, og at han ikkje meinte noko med det. Men frustrasjonen har ein bakgrunn.

- Me ser korleis det går med landet. Det går nedover og bakover, og det er ikkje løyvingar til verken det eine eller det andre, seier Stav til NRK.

- Ein må vere klar over at det er ein eigen språkbruk her ute på Frøya.

Henry Gerhard Stav til Hitra-Frøya

– Kunne vore unngått

– Ein må vere klar over at det er ein eigen språkbruk her ute på Frøya. Viss alle skulle gjort alvor av det når ein seier at ein vil slå nokon i hjel, ville halve Frøya vore slått i hjel. Eg meiner det sjølvsagt ikkje bokstaveleg, seier Stav til Hitra-Frøya.

Stav fortel vidare at dersom Frp sin innvandringspolitikk hadde vore innført, ville ein kunne unngått at folk fekk haldningar som dei drapsmannen har.

– Då hadde me sannsynlegvis unngått det som skjedde, seier han.

Hallgeir Bremnes er fungerande ordførar, og ordførarkandidat for Frøya Frp.

– Dette er ein kommentar Frp tek sterk avstand frå. Eg vil så fort som mogleg ta ein alvorsprat med Stav, seier han til avisa.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.