Hopp til innhold

Bjørn i sikte!

Sauegjetar Arne Otto Sandmo frå Nordli har fått svaret på kven som tok livet av sauen hans.

Bjørnebinne med tre ungar, Lierne

Ei binne med tre bjørneungar frotsar i ein av sauene til gjetaren frå Nordli.

Foto: Arne Otto Sandmo

Sauegjetaren kjøpte seg eit kamera med infraraudt system i håp om å få dokumentert kven som tok livet av sauer i flokken hans.

- Kameraet registerer varme og røyrsle, så det er tenkt brukt på dyr, seier Arne Otto Sandmo til NRK Trøndelag.

Sist helg kom han over eit sauekadaver og monterte straks opp kameraet.

- Laurdag ettermiddag oppdaga vi eit sauekadaver i Brandsfjellgrubba, der sauene held til. Eg var raskt ute med kameraet, og samme natt blei blinkskotet tatt, seier Sandmo til Namdalsavisa.

Unike bilete av bjørn

Biletet han fann på kameraet sitt dagen etter viste ei bjørnebinne med tre ungar. Det spesielle med biletet er at det er tatt på berre fem meters avstand.

Ifølgje norske viltstyresmakter finst det berre rundt 50-60 bjørnar her i landet, og dei fleste av desse er hannbjørnar som streifer rundt åleine.

- Det er ikkje uvanleg at ei binne får tre ungar, men det er slett ikkje daglegdags i Noreg, seier Reidar Andersen, som er professor ved Institutt for biologi ved NTNU i Trondheim, til VG.

Vil dokumentere meir

Sauegjetaren har fått blod på tann og vil gjerne dokumentere at fleire av sauene hans er tatt av bjørn.

- Kameraet blir sett opp igjen med ein gong eg finn eit sauekadaver, seier Sandmo til Namdalsavisa.

Hittil i år har han mista tre sauer på beitet, alle tatt av bjørn.