Hopp til innhold

St. Olavs Hospital kan få nytt namn

Kan bli endra til «Trondheim Universitetssykehus».

AHL-senteret ved St. Olavs Hospital

ST. OLAVS HOSPITAL: Kanskje blir det ei namneendring for sjukehuset.

Foto: Ole Kr. Tangen

– Vi ønskjer at sjukehuset skal ha eit namn som i større grad fremjer det som eit universitetssjukehus, seier Helge Klungland.

Han er prodekan for forsking ved det medisinske fakultet på NTNU, og leier ei arbeidsgruppe for tettare samarbeid mellom St. Olavs Hospital og NTNU.

Vil fremje forsking

– Det er viktig å få fram at sjukehuset er eit universitetssjukehus som bidreg sterkt med forsking. Tittelen bør vise dette, både nasjonalt og internasjonalt, seier Klungland.

St. Olavs Hospital har undertittelen «Universitetssykehuset i Trondheim», men det er ikkje nok, meiner arbeidsgruppa.

– Det er ofte berre hovudtittelen som blir sett og høyrt, seier Klungland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Positive reaksjonar

Arbeidsgruppa har ifølgje leiaren førebels berre fått positive tilbakemeldingar på forslaget. Klungland presiserer likevel at det truleg vil vere ein del som er mot ei slik namneendring.

– Det er sikkert nokon som er skeptiske. Samtidig er det viktig å få fram at vi ikkje berre vil endre namnet, men òg bruke namneendringa til å fremje at sjukehuset står for forsking og undervisning, seier Klungland.

Namneendringa er ein del av fleire forslag for å få eit tettare samarbeid mellom sjukehuset og det medisinske fakultet. Styret ved St. Olav skal diskutere saka den 18. juni.