Hopp til innhold

Fleire krasjer i dag

Forsking viser at det er fleire trafikkuhell på fredag den 13, enn på andre dagar.

Illustrasjonsfoto: Bil som har kollidert
Foto: Sara Johannessen / Scanpix

Om du skal ut og køyre bil i dag, bør du vere litt ekstra forsiktig.

I Finland og England er det gjort undersøkingar på bilkollisjonar. Dei visar at fleire er uheldige på fredag den 13, enn på andre dagar.

– Det viser seg at selv om vi korrigerer for andre ting, så er det fleire uhell i trafikken på fredag den 13. Det trur ein kjem av at folk er så engstelege for dagen, at dei rett og slett mister litt av konsentrasjonen, seier førsteamanuensis på institutt for arkeologi og religionsvitenskap på NTNU, Asbjørn Dyrendal, til NRK.

Mange overtruiske

I fleire delar av verda er folk overtruiske.

– I England vet vi at tradisjonen er ganske solid planta, også ser vi at den sit ganske tungt i Skandinavia også. Men la meg stille dette spørsmålet; når traff vi egentleg ein person som verkeleg trur fredag den 13. er en uheldig dag, seier Dyrendal.

Kristen tradisjon

Fredag den 13. stammar mellom anna frå kristendommen.

– Det er en tradisjon der. Den er knytt til tolv apostlar pluss Jesus rundt det siste måltidet. Det viste seg å ikkje vere så veldig heldig for minst én av dei. Jesus blei også korsfesta på en fredag, slik at du har både det uheldige talet og fredagen, forklarar Dyrendal.