Hopp til innhold

Trudde han skaut tiur - traff jeger

Mannen som skaut ein jeger i ansiktet med hagle, trudde han sikta på ein tiur.

St. Olavs Hospital
Foto: Tariq Alisubh / NRK

I løpet av kort tid vil politiet graske staden der ulykka skjedde.

Det var under jakt i Overhalla i helga, ein mann trudde han sikta på ein tiur, men traff eit menneske i fjeset.

– To personar gjekk saman og jakta i Vesteråa. Den eine løysna eit skot mot det han trudde var ein tiur, men det viste seg at dette var ein mann. Han blei truffen i ansiktet, halsen og brystet, seier polititenestemann Vidar Sunde, ved Grong lensmannskontor, til NRK Trøndelag.

Lettare skadd

Politiet fekk den dramatiske meldinga frå jaktterrenget i Overhalla rundt klokka 1600 laurdag.

To jegrar hadde gått i fleire timar utan å ha sett andre folk, då den eine altså trudde han såg hovudet på ein tiur bak ein haug i terrenget.

Då skuddet fall, viste det seg at han hadde skote ein annan jeger. Mannen er ifølge St.Olavs Hospital lettare skadd, men ha ein rekkje hagl frå brystet og opp i ansiktet.

Hadde kjempeflaks

Frå sjukesenga kan Ivar Lund fortelje Adresseavisen at han hadde kjempeflaks.

– Det var så nært som det kunne få blitt. Eg er truffen nedanfor hjarta, to hagl sit i nasebeinet like ved augekroken og det sit hagl på begge sider av hovudpulsåra, seier Lund.

Han trur han stod 25-30 meter unna der skotet blei løysna.

– Eg visste med ein gong kva som skjedde. Det går ikkje an å setje ord på kjensla når så mange prosjektil går inn i kroppen på deg. Eg gjekk i bakken som ein tomsekk og brølte ut. Så kom eg på at det kunne kome eit skot nummer to, seier Lund.

Ser vidare på saka

Politiet vil dei neste dagane freiste å finne ut korleis den fatale feilen kunne skje.

– Vi vil gjere undersøkingar på åstaden på dagtid, seier Sunde.

Han legg til at dei to jegrane er avhøyrde av politiet, mens Ivar Lund på St. Olavs Hospital ikkje har snakka med politiet enno.

Politiet har tatt hand om våpenet til mannen som skaut.

– Saka blir tatt vidare i rettssapparatet, seier Sunde.